Politikk

Sanksjonen som fall i fisk

Kva er viktigast: å verne torsken i Barentshavet eller å støtte Ukraina?

I Russland er grensene mellom sivil og militær økonomi flytande. Biletet viser president Vladimir Putin ved sjøsetjinga av den nye trålaren «Mekhanic Sizov» i samband med Marinens dag i St. Petersburg 25. juli i fjor.
I Russland er grensene mellom sivil og militær økonomi flytande. Biletet viser president Vladimir Putin ved sjøsetjinga av den nye trålaren «Mekhanic Sizov» i samband med Marinens dag i St. Petersburg 25. juli i fjor.
Publisert

Det var innleiingsvis klar tale i pressemeldinga utanriksminister Anniken Huitfeldt sende ut om dei nye sanksjonane mot Russland 29. april i år. «Sanksjonene er vårt viktigste pressmiddel mot det russiske regimet. Her er det avgjørende at vi står sammen med EU og andre land for å fortsette å svekke Russlands evne til å finansiere krigen i Ukraina», heitte det.

Regjeringa slutta seg da til den femte sanksjonspakken EU hadde retta mot Russland – som mellom anna inkluderte anløpsforbod mot russiske skip i EU-hamner.

Unnataket

Men Noreg stod ikkje heilt saman med EU likevel. For litt lenger nede i pressemeldinga stod dette: «Vi stenger havnene for russiskflaggede fartøy, men holder fortsatt havnene åpne for fiskefartøy.» Dermed kunne russiske trålarar framleis levere fisk, kjøpe drivstoff, byte mannskap og få utført reparasjonar i Nord-Noreg.

Også EU gjorde unnatak for russiske fiskefartøy i sanksjonane sine, hevda fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran overfor NRK 29. april. Men som Dagens Næringsliv avdekte seinare, var dette feil: Berre fartøy under ein viss storleik gjekk fri av hamneforbodet til EU, og dei russiske trålarane i Barentshavet er over grensa.

Unnataket var såleis særnorsk, det er verdt eit milliardbeløp for russiske reiarlag, og det har provosert både norske Ukraina-vener og ukrainske styresmakter. Kvifor valde den norske regjeringa, som normalt følgjer EU som ein skugge i slike store spørsmål, å vere så omsynsfull mot Russland i dette høvet?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement