Kommentar
Sanninga og løgna
– Forferdelege overgrep går føre seg i områda som er tekne av russiske styrkar. Drap og valdtekter, sa Serhiy, ein ukrainsk menneskerettsforsvarar til meg på telefon. Det var veker før bileta frå Butsja vart publiserte.
Menneskerettshuset utanfor Tsjernihiv slik det ser ut etter åtak frå russiske styrkar.
Foto: Educational Human Rights House Chernihiv
Human Rights Watch kom søndag med ein rapport der dei dokumenterte ei rad saker frå 27. februar til 14. mars frå okkuperte område rundt Tsjernihiv, Kharkiv og Kyiv. Brotsverka talde fleire valdtekter, avrettingar, vald og trugsmål mot sivile.
«Sakene vi har dokumentert, viser ubeskriveleg, målretta vondskap og vald mot sivile ukrainarar», skreiv organisasjonen i ei pressemelding og kravde at handlingane som russiske styrkar var ansvarlege for, må bli etterforska som krigsbrotsverk.
Søndag nådde bileta frå Butsja verda, frå ein forstad til Kyiv som har vore under kontroll av russiske styrkar i ein månad, der lik vart funne avretta i gatene og fleire i massegraver. Rapporten frå Human Rights Watch var tydeleg, men det var bileta frå Butsja som førte til at fleire statar krev internasjonal gransking, og at Putin må stillast for retten for krigsbrotsverk.
Døde vitne
Andre lokale vitne til brotsverka og lidingane på ulike kjende og mindre kjende stader i Ukraina, vart sjølv offer. Hittil er seks ukrainske journalistar drepne i krigen. Ein av dei var fotograf og filmskapar Max Levin. Han blei funnen i ein landsby ikkje langt frå Kyiv etter å ha vore sakna i to veker. Han jobba ti år for Reuters, BBC og Associated Press. Han etterlét seg fire born.
Laurdag vart ein annan filmskapar drepen. Den litauiske dokumentarfilmskaparen Mantas Kvedaravicius vart ifølgje det ukrainske forsvarsdepartementet drepen medan han prøvde å flykte frå Mariupol. Han var der for å dokumentere lidingane i den kringsette byen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.