Sideblikk

Senterpartiets trufaste grasrøter

I politisk landbruksøkonomi har bønder fordel av staten som motpart og medspelar.

Landbruks- og matminister Sandra Borch på pressekonferansen om jordbruksoppgjeret 2023. Til venstre leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming.
Landbruks- og matminister Sandra Borch på pressekonferansen om jordbruksoppgjeret 2023. Til venstre leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming.
Publisert

To år på rad har Sandra Borch og Senterpartiet levert det politisk moglege til kjerneveljarane. Det skal bli nok raudt kjøt til ordentleg middag for folk flest. Gjennom jordbruksforhandlingane med staten er bøndene i år løfta ut av tvangs­trøya til frontfaga: pluss 23 prosent, 110.000 meir inn på konto, 60.000 av dei skal fylla litt av inntektsgapet til samanlikningsgrupper.

Om det held fram slik, kan driftige heiltidsbønder nærma seg medianinntekt for eit årsverk før Senterpartiet ikkje lenger er basert i regjeringa.

SMÅBRUKARLAGET hoppa av før oppgjeret var i gang. Med ein bondeopprørar som ny leiar har veslebroren ikkje spart på møkka etter at avtalen mellom staten og det lojale Bondelaget var i hamn: Heile næringa er i sjokk, tidenes mageplask, tull og tøys, tøys og tull. Luftpengar.

Småbrukarlaget seier det mange bønder tenker, men er offer for stigande forventningars misnøye. Den utolmodige feilen dei gjorde, var å ta orda frå Hurdal for bokstaveleg: auka sjølvforsyning, norsk matproduksjon på store og små bruk, lys i fjøs og våningshus over heile landet, rettkomen inntekt for hardtarbeidande og forgjelda bønder. Det handlar ikkje (berre) om milliardar, men også om signal om ei anna retning for at bondemenneske skal ha tru på ei framtid utanfor strukturrasjonelt fabrikk- og storlandbruk.

SV HAR HENGT SEG PÅ markeringsvogna. I budsjettforhandlingane med regjeringspartia vil Fylkesnes plussa på det staten og Bondelaget er blitt samde om.

Det kjem ikkje til å skje, for det er djupt og breitt fleirtal for at Stortinget skal respektera forhandlingsinstituttet og ikkje overprøva partane. Men SV kan få med ein merknad som minner om at det trengst ein forpliktande og tidfesta plan for inntektsjamstilling. Senterpartiet er samd i sak, men dei er pragmatiske og ikkje fartsblinde når det handlar om tempo.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement