Politikk
Ser ingen lindringsforsøk
Styringssignala frå regjeringa inneheld ikkje tiltak for å løyse utfordringane til helseføretaka, meiner Legeforeningen.
Sjukehusa har fått mindre å rutte med, og Oslo universitetssjukehus har varsla at føretaket må kutte 440 årsverk.
Foto: Lise Åserud / NTB
Sjukehusa får mindre å rutte med og må no vurdere kva for behandlingstilbod dei kan fase ut eller gjere mindre av. Dei må òg kutte i utgiftene til vikarar og utsetje større investeringsprosjekt og vedlikehald. Det gjekk fram av dei nye styringssignala frå regjeringa, som helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) presenterte tysdag.
Leiar i Yngre legers forening og styremedlem i Legeforeningen Kristin Kornelia Utne skjønar ikkje korleis instruksen frå Kjerkol skal gå å realisere for sjukehusa.
– Helseføretaka kjem til å gå med om lag 3,4 milliardar kroner i minus i år, og då er det vanskeleg å forstå korleis vi skal få til alt det andre helseministeren ønskjer seg. Det er snakk om akutte kutt, og det bidreg ikkje til strukturell og overordna debatt om korleis vi kan prioritere betre. Det endar med raske og desperate sparetiltak.
– Kva vil det seie i praksis?
– Vi har alt byrja innsparingstiltaka, så vi veit kva som skjer. Fleire sjukehus har sett fagutvikling, kurs og konferansar på vent og utsett opplæring i nye prosedyrar. OUS (Oslo universitetssjukehus journ. merk.) har varsla at dei må kutte 440 årsverk, og alle byggje- og investeringsprosjekt på sjukehusa vert sette på vent. Einaste unntaket er nye Oslo universitetssjukehus. Når vi veit at dei demografiske endringane tilseier at vi framover skal klare oss med færre fagpersonar per innbyggjar, er det nett investeringar i bygg, medisinskteknisk utstyr og brukarvenleg IT som burde vore svaret, så det vi gjer no, er det motsette av kva sjukehusa treng.
– Men når Kjerkol seier at sjukehusa skal vurdere kva dei kan gjere mindre av, og kva behandlingsmetodar som kan fasast ut, betyr det òg at noko kan kuttast. Kva tilbod ser du føre deg det går å kutte?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.