Det var tidleg i pandemien, me var to på heimekontor og eitt barn heime i karantene frå barnehagen. På taket var ein arbeidar, han skulle skifta ut nokre møneplater. Då heimekontordagen var ferdig i 11-tida, ville me køyra vekk frå huset, slik at arbeidaren fekk halda på utan oss under seg, så me bestemte oss for å gå dei nye sherpatrappene opp til ein bergknaus i kommunen. Du veit, slike steintrapper me nordmenn oppdaga for nokre år sidan, så flaug me inn ein bråte nepalske sterke menn som hadde det å bera tungt og byggja slike trapper i blodet.
Idet me gjekk mot bilen, vende eg meg til mannen på taket og ropte ut:
– We’re going out now, but if you need to use anything in the house – the toilet, the kitchen or what so ever – the door is open!
Eg kjenner meg alltid litt god, raus, når eg opnar huset slik, viser at eg stolar på folk. Det er jo sjølvsagt at han må få bruka huset, men det er noko med det å seia det, vera på tilbydarsida.
Mannen på taket nikka roleg og tok seg til den litt rufsete barten.
– Thank you, sa han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.