Sideblikk
Den kinesiske flaggermuseffekten
Liberale verdiar taper for det totalitære når alarmistar og kritisk intellektuelle vil læra av Kina.
Ei kvinne som vernar seg mot koronaviruset i Shanghai, passerer ein plakat med president Xi Jinping rett etter det store utbrotet i Kina.
Foto: Aly Song / Reuters / NTB scanpix
Den kinesiske statsministeren Chou En-lai (1898–1976), som nå skal skrivast Zhou Enlai, var ein forstandig og tilpassingsdyktig mann i maoismens tyranniske tid. Han overlevde den lange marsjen, det store spranget, kulturrevolusjonen og dei fire moderniseringane. Då president Nixon vitja Kina i 1972, i bordtennisdiplomatiets dagar, skal utanriksminister Kissinger ha spurt kommunistveteranen kva han meinte om den franske revolusjonen i 1789. På språkleg pingpongvis svarte Chou: «Det er for tidleg å seia.»
KINESARANE er grunnleggande konfutsianske og patriotiske, har historisk tid og er flest og sterkast. Folk flest bur i Kina.
Då keisaren melde Midtens rike ut av verda og gjekk i isolasjon på 1500-talet, overtok dei europeiske sjøfararnasjonane hegemoniet. Dei imperialistiske kolonimaktene delte verda mellom seg og boksa seg imellom og med Japan og Russland for å kuva Kina. Kapitalismen og industrialismen gjekk Kina hus forbi.
Etter verdskrigane blei USA hegemonisk og held seg nå med ein uberekneleg president som skal gjera Amerika stort igjen. Kina er hovudfienden, for dei har utbytt Sambandsstatane og undergrev den gode og frie verdsordenen.
Det har vore nokre uheldige hundreår for Kina, men dei veit at Midtens rike vil rista av seg skamma og vinna att sin normale og dominerande posisjon i verda – økonomisk, organisatorisk og geopolitisk. Det har tatt tid, men nå er dei på oppløpssida, og hemnen kan bli hard.
«DET KINESISKE VIRUSET» er Trumps siste og iherdige påfunn i skuldflyttinga. Det passar i hans verdsbilete og er som hand i hanske for den som vil vaska hendene sine. Og det er jo ein flik av sanning i det, som å seia at den globale fedmepandemien er smitte frå Amerika, for kinesarane har også underlege etevanar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.