Sideblikk

Den politiske hesteskoens lykke

Petropopulisme har gode vilkår når veljarar er på vandring i eit land med oljepengar på bok.

Sylvi Listhaug (Frp) og Raudt finn kvarandre i kvardagslege saker, skriv Andreas Hompland
Sylvi Listhaug (Frp) og Raudt finn kvarandre i kvardagslege saker, skriv Andreas Hompland
Publisert

Ein hestesko med opninga opp over inngangsdøra trygger huset. Med nokre symbolske kløverblad som pynt er det eit potent smykke.

I den politiske hesteskoteorien (etter Jean-Pierre Faye) møtest ytterfløyene på dimensjonar som ikkje har med høgre og venstre i økonomi og klasse å gjera. Dei omkransar, trykker saman og kjøver midten. Analytiske hovslagarar hamrar laus med denne teorien for å forklara at Framstegspartiet og Raudt finn kvarandre i kvardagspolitiske saker. Som andre populistiske folkefriarar vil dei koma til å gå i autokratisk lei.

IKKJE EITT NEDLATANDE ord om «populisme» som analytisk omgrep. Men det er politisk latskap å tru at når ein får sett den merkelappen på ei politisk rørsle, så er alt sagt og sakene kan avskrivast.

Heller ikkje eit vondt ord om populistiske straumdrag. Utan brei jording stivnar politiske system til ekspertvelde og kontorstyre. Folkeleg fornuft skal ein ikkje kimsa av; utan den forvitrar legitimitet og tillit.

Spaltisten er medskuldig. Han var i si tid fjernassosiert med populistiske arbeidsgrupper (PAG) i Bergen. Ottar Brox, som introduserte omgrepet på norsk, har vore fagleg og politisk mentor. Saman skreiv dei artikkelen om «populisme» i PaxLeksikon og bretta fenomenet ut til høgre og venstre, både historisk og i samtid.

PETROPOPULISME er ein norsk avart: Det er oljepengar nok til alle gode føremål, men dersom me handlar slik at me bruker meir enn regelen, går nasjonaløkonomien til helvete på første klasse.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement