Sideblikk

Enten byråkratisme eller barbari

Forvaltninga må ha kunnskap og vera upartisk. Tillit kan ikkje vedtakast, han må byggast.

Månader med heimekontor har gjort at mange vegrar seg for å gå attende til det opne kontorlandskapet.
Månader med heimekontor har gjort at mange vegrar seg for å gå attende til det opne kontorlandskapet.
Publisert

Max Weber døydde for hundre år sidan, 56 år gamal, visstnok av spanskesjuka. Byråsjefen kjenner seg heime i Webers nøkterne og rasjonelle byråkrati som skil mellom personleg og offentleg, har klare reglar, er sakleg og kunnskapsbasert, upartisk og grundig. Den byråkratiske etos vernar mot favorisering, trynefaktor, tilfeldig skjønn og andre virus i sunn forvaltning. Like saker skal behandlast likt utan omsyn til posisjon og person, og det må ta den tida det treng.

Den idealtypiske byråkraten er ein fagperson med integritet, ikkje ei brikke på eit ekspedisjonskontor eller ein lydig reiskap for politikken. Byråkratiet er eit vern mot barbariet. Byråsjefen meiner for få byråkratar i nyare tid er heidra etter forteneste med bauta og gatenamn.

UNDER KORONAKRISA har tilliten auka til forsking, fakta og forvaltning. Fleire statsrådar har vakse i trengselstider medan det har vore låge skott mellom forvaltning og politikk for å få sett tiltak raskt ut i livet. Men Byråsjefen ser fram til meir normale tider der Forvaltninga held fleire armlengders avstand mot å vera eit sekretariat som legitimerer statsrådens politikk. Idealet hans er ei profesjonell og fagleg trygg forvaltning som ikkje seier «ja vel, fru statsråd», men har motførestillingar og stiller kritiske spørsmål ved den kortsiktige, politiske viljen.

Forvaltninga skal halda igjen når utgiftskåte poli­tikarar synest det er større stas å få auka løyvingar til måla sine enn å vita om det gir resultat. Forvaltninga skal koma med innspel om kutt i budsjetta, men veit at det er rituelle øvingar. I sluttfasen må dei stå bak statsrådane sine mot embetsverket til andre statsrådar.

Forvaltninga skal ha auge for heilskapen, særleg når sektorane er seg sjølve nok og meiner at heilskapen er ein annan stad. Og verre er det til fleire parti det er i regjeringa. For å bli samde utan å prioritera salderer dei med ostehøvel og juksar med å kalla det ABE (avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform).

BYRÅSJEFEN ER PESSIMIST. Han er ofte svartsynt, eller som han kallar det for tida, i ein freistnad på å vera politisk korrekt: Han har melaninrike tankar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement