Sideblikk

Nå røystar også Vertinna på Sp

Det store hamskiftet er at det gamle bondepartiet har mutert til eit bygdenes folkeparti.

Per Olaf Lundteigen i det grøne. Hans fundamentale politiske truskap er til fotosyntesen.
Per Olaf Lundteigen i det grøne. Hans fundamentale politiske truskap er til fotosyntesen.
Publisert Sist oppdatert

Vertinna er misnøgd med det sideblikket Spaltisten kasta på Vedum og Senterpartiet førre veke. Han gjorde sikkert eit heiderleg forsøk på å sjå fenomenet litt annleis enn hovudgatemedia, men kjem ikkje unna at han er ein tilskodar frå utsida, frå høgare luftlag i oslobobla. Det er noko anna å vera deltakar, ha distriktsskoa på og kjenna dragsuget frå Senterpartiet på nært hald.

Vertinna skulle gjerne ha ordskiftast og rive kjeft om Senterpartiets framgang og baksider, men ettersom det er gjesteforbod, brenn ho inne med synspunkta sine. Derfor vil ho, som Hjelpeskrivar, prøva dei ut her.

VERTINNA VURDERER å velja Vedums parti. Det kostar henne mykje å vedgå det, for ho er av husmannsætt og fekk bondehat bak dimme ruter inn med morsmjølka. Men sosialist blei ho ikkje, for ho er trass alt privat næringsdrivande. Ho er lite kristeleg og har halde seg til det forsonande Venstre. Det er lenge sidan ho blanda person og program inn i partivalet, men nå meiner ho at Venstre har rota seg bort og tippa for langt til høgre. Og så er partiet blitt så lite at ho ikkje vil kasta bort røysta si.

Mange som Vertinna reknar for vituge folk, seier nå ope at dei har gått om bord i senterpartivogna. Partiet held på røtene i den svinnande bondestanden og har solid fotfeste i andregenerasjonen med lokale rekneskapskontor, maskinhaldarar og andre småentreprenørar. Det store hamskiftet er at Senterpartiet har mutert frå eit klassemedvite interesseparti for bønder og grunneigarar til eit bygdenes folkeparti for små næringsdrivande, pensjonistar og vanlege arbeidsfolk, og med stadige djupare rotfeste i offentleg sektor på landsbygda, der kommunen er den største velferdsprodusenten og arbeidsgjevaren.

VERTINNA VIL slett ikkje ha det på seg at ho trur på Trygve Slagsvold Vedum som frelsaren og redningsmannen som er oppstanden. Ho ser han meir som ein standuppolitikar som også gjer seg som komikar. Ho forstår at han kan verka karismatisk, men han lokkar og lurer ikkje henne med smil og lått. Ikkje at ho har noko mot usnobbete og humørfylte folk, men ho har i alle år hatt større sans for den bistre og prinsippfaste småbrukarleiaren Lundteigen. Han er ikkje så fotogen som Vedum, men har betre grep om fotosyntesen.

Det går likevel mot at Vertinna kjem til å røysta på Senterpartiet, sjølv om ho ikkje lit heilt på forvandla bønder som kjem i baronens seng. Ho tvilar på at dei kan gjera veg i vellinga og snu sentraliseringa og utarminga av distrikta, men det er eit forsøk verdt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement