Sideblikk
Når det beste er å passa kjeften
Journalistikk, politikk og forvaltning kan vera gode grannar, men bør la gjerda stå.
Tostrupkjelleren i juni 1971: Pressemennene Arve Solstad (med ryggen til) og Per Vassbotn frå Dagbladet, og til høgre stortingsmann Einar Førde.
Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB
Pølsefestar, barbesøk og uhøvisk framferd på nachspiel vekker åtgaum. Diskusjon om habilitet og tilhøvet mellom politikarar, fraksjonistar og journalistar fekk ei ny omdreiing etter hurlumheien før Arbeidarpartiets landsmøte, som i pressa enda skuffande med tilløp utan hopp og sprang.
I medielauget meiner samstemte stormeistrar at kontakten med kjeldene må vera porøs. Mange veit mykje som ikkje kan skrivast, om det har kome frå styrte eller ustyrte lekkasjar, sladder i bøttekott eller frå spinndoktorar eller møbelhandlarar.
Å vera på fest er å vera på jobb. Det som blir sagt i uformelle settingar, skal ikkje refererast, men lagrast som informerte bakgrunnsinntrykk og gje grunnlag for pirrande journalistikk og innsiktsfulle analysar frå kommentariatet. Redaktørstyring må til når det skal sorterast mellom hummar og kanari og avgjerast om ein skal trykka skiten eller kanelen.
SPALTISTEN HAR VORE der og lar det ligga her. Men Byråsjefen minner om at det hende dei treftest på Tostrupkjelleren, med nedgang frå Dasslokket. Det var eit vasshòl for journalistar, politikarar, advokatar og folk av ymse slag som ville henga rundt og med. Juryen for Kjendistoppen trekte seg tilbake til det indre og avskjerma rommet, som blei kalla Holland etter ei elitepolitisk gruppering i førparlamentarisk tid.
Det normale lydnivået var høgt, og det var mange stormar i ølglas. Somme fann ein stillare krok for lågmælte og kanskje konspiratoriske samtalar. Men rett som det var, kunne låtten frå den humørfylte Arne Strand slå gjennom – salig vera den.
BYRÅSJEFEN LÅG LENGE ved universitetet og dreiv studentpolitikk, men han fullførte graden og fekk stilling som hjelpeskrivar i departementet. Men han kjende seg heime på Tostrupkjelleren, for der møtte han studiekameratar som hadde hoppa av som halvstuderte røvarar då dei fekk kveldsvakt som vikarar i NTB eller i ei avis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.