Sideblikk
Positive meldingar frå bilsfæren
Dette er eit motstykke til klager over dårleg digital samhandling mellom offentlege etatar.
Den gamle bilen var utan teikn til ytre skadar, men dødsdømd.
Foto: Andreas Hompland
Det var måndag ettermiddag i den travle og såkalla stille veka. Bilen var fullasta og vel så det, med folk, mat, drikkevarer og bagasje av ymse slag. Skiene stakk langt fram mellom forseta, for det var ein liten og trong bil, på veg til påskeheiene i dalstrøka innafor.
PÅ EIN NY MOTORVEGBIT i 110 gjennom Hoksrud-land kom det ein slags ritsj-lyd, alle varsellamper med skiftenøkkel blinka heftig, motoren slokna og lét seg ikkje vekka. Heldigvis var det ei SOS-lomme å trilla inn i. Eg inspiserte innvendig og utvendig, men konstaterte at det ikkje var noko å gjera. Frå eit bortgøymt hjørne i hjernen kviskra det «registerreim», og då er alt håp ute.
Me ringde «Veihjelp» hos NAF, der eg er medlem. Dei svara straks og peila inn mobilen og bilen, for ettersom dette var på E18, blei det ei hastesak. Etter ein halvtime var eit lokalt bilbergingsfirma på plass med slepebil og ein servicebil til å regulera trafikken. Bilbergaren drog bilen vår opp på lasteplanet, og der sat me. Han ringde og informerte om at han frakta oss til næraste bilverkstad i Bamble, at han skulle ta seg av all rapportering, og at me burde be verkstaden skaffa leigebil.
DÅ BILEN VAR BUKSERT på plass, kom verksmeisteren og brukte mindre enn eit halvt minutt på å stilla diagnosen: totalt motorhavari på bil godt over konfirmasjonsalderen: kan ikkje reparerast, må kondemnerast.
Eg fekk sitta på med den hjelpsame bilbergaren til Porsgrunn, der ein stor og staseleg utleigebil stod og venta, sjølv om det var etter stengetid. Eg signerte nokre papir, drog kortet og køyrde tilbake til verkstaden. Der hadde dei andre tømt den dødsdømde bilen, så omlastinga gjekk raskt. Me var på vegen att eit par timar forsinka, med dotter som sjåfør, for ho hadde tatt lappen tre dagar før og fått førarkort elektronisk frå Statens vegvesen.
Verkstaden hadde stengt, men det var ikkje noko problem, sa verksmeisteren: Det er berre å legga nøkkelen i sprekken i døra. Eg våga ikkje å tru at det kunne vera så enkelt, så eg ringde opp Myrland auto dagen etter: Eg måtte vel innom, skriva under dødsdommen, få fjerna vraket og gjera opp for meg?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.