Sideblikk
Press mot pensjonert pressesystem
Noko meir om storfamilien Schibsted og den kommersielle utviklinga av mediemarknaden.
Sjefredaktør i Aftenposten Trine Eilertsen då Nordiske Mediedager Digital 2020 vart arrangert.
Foto: Thomas Brun / NTB
Etter at Byråsjefen i førre Sideblikk la ut i det vide og breie om sitt papirlesarliv og ugreie forhold til nettaviser, har det kome mange nikodemusar til meg – fleire av dei pensjonerte journalistar og redaktørar på 70 +, gjerne med sluttpakke. Det er ein kohort som kom inn i journalistikken på ymist vis og med blanda bakgrunn utover på 1960-talet. Dei hadde blømingstida si i dei avpartiifiserte papiravisenes høgtidsstund på 70-, 80- og 90-talet, før internettet førte synda inn i verda.
Felles for den nostalgiske uroa deira er at dei ikkje stoler på etterkomarar som ikkje eingong var fødde i 1968. Dei mistenker neste generasjon av bladstyrarar, som vaks opp med www og ser papir som ei plage, for ikkje å ha forstått den historiske og publisistiske kjernen i det norske pressesystemet. Dei er uroa for nedbygginga av grensene mellom det redaksjonelle og det kommersielle, for at boktrykkar Aslaksen eller folkefiendane skal få siste ord. Om ikkje alt var betre før, så var i alle fall skiljelinene klarare.
STRIDEN OM LÅGE portotakstar var, saman med bøndenes rett til å brenna brennevin sjølve, av dei store sakene på Stortinget i åra etter 1814. Begge delar skulle motverka monopolmakt og privilegium for embetsstand og borgarskap. Når bondetingmenn og andre i opposisjon til embetsmannsstyret var så hekta på låg bladporto, var det ikkje fordi dei brydde seg om fortenesta til adressekontora, men fordi dei ville sikra billege blad med politisk stoff, slik at ålmugen hadde sikker bakgrunn for å kunna ta informerte, opplyste og lykkelege val. Det går ei line frå Grunnlovas paragraf 100 til statleg pressestøtte.
MEDIEMARKNADEN liknar etter kvart stadig meir på dagligvarehandelen. Han blir kontrollert av tre store konsern som etterliknar kvarandre og konkurrerer seg imellom: A-pressen, Schibsted og Polaris. (Eigentleg er det berre to og eit halvt konsern, for det er laga ein snedig konstruksjon der Schibsted eig ein firedel av aksjane og sit med styreleiaren i Polaris.) I konserna arbeider dei tett saman om økonomi og organisasjon, annonsar, teknologi, trykking og distribusjon, og det er stadig meir utveksling av stoff – også meiningar. Kva dei ansvarlege redaktørane måtte ha, ha hatt eller ikkje ha av haldningar, er ikkje viktig, så lenge dei er gode disponentar, held marginen og styrer etter botnlina på alle plattformer. Det liknar på noko som har funnest før, men der partilojalitet er bytt ut med kommersiell konsernlojalitet.
Eitt scenario er at me endar med to lenkekjeda avishus med lokale variasjonar: Avis 1 og Avis A. I skuggen av dei strevar offentleg støtta nisjeaviser som ein slags uavhengige småkjøpmenn, medan «den feite purka», den allmenne rikskringkastaren NRK, blir slanka for å hindra konkurransefordelar.
VERTINNA har ei godt løynd sportsinteresse, og ho er ein hund etter fotballtabellar. Der er ho sveltefôra av Aftenposten på papir, som ho må halda fordi nokre aldrande gjester er avhengige.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.