Sinkar i symjing

I skulen er symjeopplæringa mangelfull. I symje­klubbane går dei for perfeksjon. Er det rart norske tiåringar ikkje kan symje?

Ei skikkeleg symjeopplæring for alle barn kan berge mange liv. Dessverre kjem kvaliteten på symjeopplæringa for norske skulebarn an på om du er heldig eller uheldig med tilgangen på symjehall der du bur.
Ei skikkeleg symjeopplæring for alle barn kan berge mange liv. Dessverre kjem kvaliteten på symjeopplæringa for norske skulebarn an på om du er heldig eller uheldig med tilgangen på symjehall der du bur.
Publisert Sist oppdatert

Eg ser det levande for meg. Ein gjeng sju–åtteåringar i badetøy, kommandert opp på bassengkanten, der dei tørrtrenar på arm- og beintak. Der ligg eg, saman med klassekameratane mine, før vi vert kommanderte ned i vatnet.

Vi skulle lære å symje. Først brystsymjing, så ryggsymjing. I horisonten såg vi ein symjeknapp i bronse, som vi fekk når vi meistra 25 meter symjing i eitt strekk. Opplæringa var effektiv og målretta. Eg kan ikkje hugse at nokon ikkje lærte å symje.

Eg skal ikkje halde fram symjeopplæringa i Tune kommune i 1980-åra som modell for symjeopplæringa for barn i 2022, men noko kan det vere å hente. For situasjonen kan ikkje halde fram som i dag. Dei fleste norske tiåringar kan faktisk ikkje symje 200 meter samanhengande, slik at dei kan røre seg trygt i og ved vatn.

På jumboplass

Då Norges Svømmeforbund og Redningsselskapet undersøkte symjeevnene til norske femteklassingar i april og mai i fjor, svarte berre 41 prosent av femteklassingane at dei kunne symje 200 meter eller lenger samanhengande utan hjelpemiddel – ned frå 49 prosent i 2009 og 53 prosent i 2013. Eit dårleg resultat hadde vorte enda verre etter koronarestriksjonar og stengde basseng.

Ei samanlikning sett saman av Norges Svømmeforbund i 2013 viste at norske barn var dei dårlegaste symjarane i Norden. Medan omkring halvparten av dei norske femteklassingane klarte å symje minst 200 meter samanhengande, klarte over 90 prosent av barna i Sverige og Island å symje denne distansen. I Danmark og Finland var talet over 70 prosent.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement