Politikk

Siste stasjon?

Nord-Noregbanen har vore til utgreiing fleire gonger. Denne veka tilrådde Jernbanedirektoratet å skrote planane.

Godstog sør for Fauske stasjon på veg mot Trondheim.
Godstog sør for Fauske stasjon på veg mot Trondheim.
Publisert

Tanken om Nord-Noregbanen er gamal og har vore oppe til utgreiing fleire gonger – seinast onsdag denne veka. Jernbanedirektoratet har rådført seg med Forsvaret, kommunar, næringsliv, Sametinget og ungdomar. Tilrådinga til direktoratet er å skrote Nord-Noregbanen og heller oppgradere noverande jernbane som Nordlandsbanen og Ofotbanen. Svein Arnt Uhre er leiar for Aksjonsgruppa for Nord-Noregbanen og har sidan 2007 arbeidd for at banen skal bli ein realitet.

– Kva var din reaksjon då du høyrde tilrådinga?

– Eg er skuffa over at Jernbanedirektoratet går ut med ei tilråding i KVU-en (konseptvalutgreiing, red.merk.). Dette er det politikarane sin jobb å vurdere.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement