Politikk

Siste stopp Nato

Både Finland og Sverige ser ut til å slutte seg til den nordatlantiske forsvars­alliansen. Den finske politikaren Heidi Hautala meiner det er den naturlege enden på ei lang reise.

Både den svenske statsministeren Magdalena Andersson og den finske kollegaen hennar Sanna Marin ser mot Nato.
Både den svenske statsministeren Magdalena Andersson og den finske kollegaen hennar Sanna Marin ser mot Nato.

Torsdag morgon vart det klart at både den finske statsministeren og presidenten går inn for Nato-medlemskap. Det skjer med rekordstor stønad i folket. 76 prosent av finnane ønskjer finsk Nato-medlemskap, syner ei spørjeundersøking som allmennkringkastaren Yle har gjennomført.

Heidi Hautala er visepresident i Europaparlamentet. Ho representerer det finske partiet Vihreä liitto (svensk: Gröna förbundet). Intervjuet vart gjort onsdag ettermiddag – før det var klart kva statsministeren og presidenten ville lande på.

– Russland har lenge vore ein potensielt farleg granne for Finland. Kva har halde Finland frå å søkje om Nato-medlemskap fram til no?

– Det har vore rikeleg med sjansar til å skjøne at regimet til Putin ikkje kjenner grenser når det gjeld aggressivitet mot uavhengige naboland. I desse dagar tenkjer eg ofte attende på den tidlegare finske utanriksministeren Alexander Stubb, som alt i 2008 åtvara om at krigen i Georgia kom til å verte eit vendepunkt. Mange politikarar flira av han den gongen. I så måte var anneksjonen av Krim og Aust-Ukraina i 2014 ein mykje større vekkjar i Finland. Det endra måten Russland vart diskutert på i den finske opinionen. Faren vart meir reell. Alt då kom Nato-debatten mykje nærare.

– Men kvifor først no?

– I praksis fall den finske nøytraliteten med EU-innmeldinga i 1995. Likevel heldt den tryggingspolitiske identiteten fram med å vere prega av synet på seg sjølv som ein alliansefri stat – eit annleisland mellom aust og vest som ikkje skulle provosere Russland. Det var ei urealistisk forståing av tryggleik. Den 24. februar var i så måte ein stor vekkjar, av di det synte at Putin ikkje vik tilbake for eit fullskala militæråtak mot eit uavhengig granneland. Det var heilt uventa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement