Sit framleis i fengsel

Det er eitt år sidan den belarusiske menneskeretts­forkjemparen Ales Bjaljatski skulle ha motteke Nobels fredspris. I staden sit han i ein straffekoloni i heimlandet.

Kommentar

Publisert Sist oppdatert

Eg tenkte på han då eg stod opp måndag, då gradestokken kraup ned til 10 minus i Oslo. På Ales og dei 1451 andre som sit på kalde steingolv i belarusiske fengsel og straffekoloniar. For å ha delteke i fredelege protestar då dei hadde fått nok etter presidentvalet i august 2020. Og for Ales og kollegaene hans i menneskerettsorganisasjonen Vjasna, for å ha forsvart folks rett til å protestere.

3. mars vart Ales dømd til 10 år fengsel og send til ein av dei mest frykta straffekoloniane i Belarus. Dømd for å ha smugla pengar inn i landet og for å ha finansiert aksjonar som braut med offentleg ro og orden.

Under ei av dei siste rettshøyringane sa nestleiaren i Vjasna: «Vi har ikkje kasta bort livet, vi har bygd opp folk som kan ta over. Ein ny generasjon av belarusarar har vakse opp og held fram med arbeidet vårt. Naturens gang kan ikkje stoppast. Etter vinteren kjem våren, og våren vil kome ein gong.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement