Sjefane er løns-vinnarar i staten
Leiarane som er omfatta av leiarlønssystemet i staten, fekk ein lønsvekst på 4,8 prosent i fjor. Det er meir enn dobbelt så mykje som vanlege tilsette får både i privat og offentleg sektor.
Nav-direktør Sigrun Elisabeth Vågeng har høgast løn av leiarane i staten.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Personaldirektøren i staten, Gisle Norheim, karakteriserer leiarlønsveksten i staten som «uheldig» og har mana departementa til å vise måtehald i 2017. Han strekar under kor viktig det er at statlege toppleiarar ikkje vedvarande får høgare lønsvekst enn arbeidstakargrupper elles.
Ein del av forklaringa på lønsveksten til leiarane i staten er effekten av politireforma, som gav færre og større politidistrikt og vesentleg høgare løn til dei politimeistrane som vart sitjande att. Fleire av politimeistrane har fått ein lønsauke på 200.000–300.000 kroner.
Store skilnadar
Dag og Tid har gått gjennom lønsutviklinga frå 2015 til 2016 i dei einskilde departementa og etatane som sorterer under dei. Det viser store skilnadar. To departement leia av Frp-statsrådar skil seg ut med særleg sterk lønsauke til leiarane. Det gjeld Olje- og energidepartementet med ein gjennomsnittleg leiarlønsauke på 87.572 kroner – eller 6,8 prosent – i fjor. Her er forklaringa i hovudsak at Elisabeth Berge kom tilbake som departementsråd frå permisjon med ei løn 226.000 meir enn vikaren. Dernest kjem Samferdsledepartementet der leiarane fekk ein lønsauke på 84.059 kroner – 6,4 prosent – i snitt. Hovudforklaringa her er at direktøren for styringsstaben i Vegdirektoratet og regionvegsjefane fekk ein lønsauke på 150.000–200.000 kroner. Det svarar til inntil 16 prosent.
Kulturdepartementet har ein auke på 66.941 kroner, eller 5,5 prosent, Kommunal- og moderniseringsdepartementet ein lønsvekst på 54.346 kroner, som utgjer 4,5 prosent, og Forsvarsdepartementet ein lønsvekst på 52.677 kroner, eller 4,2 prosent. Statsministerens kontor ligg klart over norma med ein gjennomsnittleg lønsauke på 48.157 kroner, som svarar til 3,4 prosent. Norma var 2,4 prosent.
Gullkanta
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.