Kommentar

Sjefen for dei utbomba byane

Overalt der den russiske toppoffiseren Aleksandr Dvornikov har vore, har han etterlate seg ruinar. Det ser ut til å skje i Aust-Ukraina òg.

Aleksandr Dvornikov fotografert i Rostov-na-Donu i januar 2021. Sidan april 2022 har han øvstkommanderande for krigen mot Ukraina.
Aleksandr Dvornikov fotografert i Rostov-na-Donu i januar 2021. Sidan april 2022 har han øvstkommanderande for krigen mot Ukraina.
Publisert

I april utnemnde Vladimir Putin ein ny øvstkommanderande for Ukraina-krigen. 60 år gamle Aleksandr Dvornikov fekk i oppdrag å berga eit felttog som til då hadde vore ein fiasko. Putin forstod kva han gjorde: Han sette mannen som var kjend som «Slaktaren frå Syria», i spissen for det russiske åtaket på Ukraina.

Dei siste vekene har me sett korleis Dvornikov har endra krigen. I fylket Luhansk i Ukraina var det for eit par månader sidan ein by som heitte Popasna. Fram til slutten av april hadde dei russiske invasjonsstyrkane ikkje klart å ta byen, som opphaveleg hadde 60.000 innbyggarar. Mellom husa i Popasna stod dei ukrainske forsvararane, klare til å møte dei russiske soldatane.

Det som då skjedde, var at general Dvornikov gav ordre om å henta fram det tunge artilleriet. Hus i Popasna blei jamna med jorda. 8. mai, rett før den russiske hæren skulle paradera på Den raude plassen i Moskva, rykte Dvornikovs soldatar inn i byen. Det vil seia at dei rykte inn i det som mange stader var ein ruinhaug, der det korkje var vatn eller elektrisitet, og der knapt nokon bygningar stod att.

Militære ekspertar som fylgjer krigen på nært hald, merka seg noko anna med operasjonen mot Popasna. Dei som utkjempa krigen på bakken, høyrde for ein stor del til den såkalla Wagner-gruppa og til dei tsjetsjenske avdelingane under kommando av Putin-støttespelaren Ramzan Kadyrov.

Systematisk dreping

Åtaket mot Popasna fylgde den same operasjonsmåten som ein hadde sett i Syria. I 2015 peikte president Putin ut Aleksandr Dvornikov til å leia den russiske operasjonen der. Regimet til Bashar al-Assad hadde då stått føre undergangen i lang tid, og knapt nokon ville ha sett pengane sine inn på at Assad-regimet overlevde eit eller to år til. Dvornikov sytte for at alle desse spådomane slo feil.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement