Lita skrift

Skal ha!

Publisert Sist oppdatert

I fleire månader etter at eg hadde kjøpte leilegheita mi, ein ganske ok bustad på 43 kvadratmeter, drøymde eg ofte om at eg fann nye rom som eg ikkje hadde visst om. Stort bad med badekar, peisestove, to soverom! «Wow, for eit røvarkjøp eg har gjort!»

Utropsteikna forsvann og vart erstatta av ein ironisk tone då eg vakna i den bustaden eg faktisk hadde kjøpt. Tenk, eg kunne kjøpt eit hus på Bømlo for same pris, inkludert naust og strandsone. Eg googla «drømme om å finne nye rom». Det første treffet som kom opp, var: «Hvis du finner et nytt rom i huset ditt, så betegner det at du har funnet nye muligheter eller evner du har funnet i deg selv.»

Skulle det vere nye «evner» eg har funne hos meg sjølv, må det vere å ikkje sette pris på det eg har. «Eg kjøper meg bil, då blir livet mykje betre», tenkte eg og kjøpte bil, ein Yaris 2001-modell til 16.000 kroner. Billegare enn ein god elsykkel, kunne ein kollega fortelje meg.

For det første har bilen gitt meg endå ein ting å ta vare på og bruke tid på, for ikkje å nemne uro over at bilen ikkje startar om vinteren, irritasjon om sommaren over at eg ikkje høyrer radioen fordi bilen bråkar så mykje, og at eg må ha vindauget ope for å ikkje få heteslag. «Åh! Hadde eg berre hatt ein litt betre bil, større, firhjulstrekk, ny stereo og klimaanlegg, då altså!»

Tronge bussar og innstilte tog – kva var det no igjen?

Country-artisten Chris Janson syng: «I ain’t rich, but I damn sure wanna be/ Workin’ like a dog all day ain’t workin’ for me/ I wish I had a rich uncle that’d kick the bucket/ And I was sittin’ on a pile like Warren Buffett/ I know everybody says money can’t buy happiness/ But it could buy me a boat/ It could buy me a truck to pull it/ It could buy me a Yeti 110 iced down with some silver bullets.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement