Kommentar
Skal Vesten – og Noreg – konfrontera eller arbeida saman med Kina? Løysinga ser ut til å vera båe delar.
Teikning: May Linn Clement
Denne veka blei det markert at Noreg, som eit av dei fyrste landa i Vesten, anerkjende Folkerepublikken Kina i 1954. Statsminister Jonas Gahr Støre har vore i Beijing, i spissen for ein stor norsk delegasjon.
Det mest handgripelege som kom ut av vitjinga, ser ut til å vera ein avtale der Noreg og Kina skal arbeida saman om det grøne skiftet. Det inneber – så langt det er mogleg å forstå – at dei to landa skal arbeida i lag for å laga betre batteri, solcellepanel og vindmøller. Om ein ser bort frå at Kina produserer meir enn ein tredel av alt CO2 som blir sleppt ut i atmosfæren frå menneskeleg verksemd, er samarbeid om fornybar energi alltid ein god ting.
Ingen frihandelsavtale
Ikkje uventa gjorde den norske statsministeren det klart at ein norsk-kinesisk frihandelsavtale, som det er blitt forhandla om i mange år, definitivt er lagd i grava. Denne avgjerda frå norsk side speglar det som har vorte den dominerande haldninga i den vestlege verda dei siste par–tre åra: Kina utfordrar den eksisterande verdsordninga.
Difor skal samarbeidet med Kina trappast ned, sjølv om ein kan halda fram på nokre avgrensa område som til dømes miljøteknologi. Alt som kan styrkja Kinas militære slagkraft, skal ein halda seg borte frå, anten det gjeld våpenteknologi, avanserte mikrochipar eller KI. Framfor alt er det viktig å sørgja for at Vesten ikkje er avhengig av Kina når det gjeld strategiske varer som telekommunikasjonar eller sjeldne jordartar som trengst i ei mengd avanserte industriprodukt.
Kinas nye verd
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.