Kvinna som stod framfor meg i køen, var norsk. Ikkje så rart, sidan kiosken låg rett ved utgangen til flyet som skulle til Noreg. Eg la merke til henne medan eg gjekk langs hyllene og vurderte kva eg skulle kjøpe til lunsj. Ho var saman med ein mann og eit lite barn som forlét kiosken då ho gjekk for å betale det dei hadde plukka med seg.
Han som stod bak disken, spurde om ho ville ha bagetten varma. Ho stadfesta det medan ho fann fram bankkortet. Først prøvde ho å tappe kortet med å leggje det oppå betalingsterminalen. Ingen respons. Ho prøvde ein gong til. Niks. Han som stod bak disken, signaliserte at ho måtte prøve å setje kortet inn i terminalen. Som sagt så gjort.
Då ho skulle slå pinkoden, måtte ho tenkje seg om. Ho såg ut i lufta og sa høgt:
– 2, 8..., men gav opp.
Eg la merke til at ho hadde same bankkort som eg, altså frå ein regional sparebank. Ho gjorde fleire forsøk på begge vis, men det gjekk ikkje.
– Beklagar, men kortet vart avvist, og eg skal nå eit fly, sa ho på engelsk og viste med ei handrørsle at varene måtte bli liggjande att på disken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.