Intervju
Skandinaven Hilde Sandvik
– Alle samtalar vert meir interessante straks du koplar på dei svenske og danske perspektiva, meiner Hilde Sandvik.
Hilde Sandvik førebur seg til den komande samtalen på Litteraturhuset. Neste gong er temaet ikkje mindre enn Gud, og Bjørn Eidsvåg skal representera nordmannen i panelet.
Alle foto: May Linn Clement
Har du høyrt om svensken, dansken og nordmannen som kjem til Bergen ein gong i månaden for å debattera? Initiativtakar og ordstyrar er Hilde Sandvik, og panelet er handplukka frå gong til gong.
Førre veke var temaet idrett og Skandinavias siste tabu: doping. Her kjem ein smakebit: Medan det danske landslaget i fotball jublar over «store patter», og avisene rangerer dei ti finaste kvinnelege spelarane i serien, er dette uhøyrt i Sverige.
– Hadde me gjort noko slikt, kunne me lagt ned avisa med det same, seier Tomas Pettersson frå Expressen.
I Sverige har derimot lydsporet av det såkalla Johaug-brølet gått varmt. Det er eit opptak av reaksjonen far til skidronninga Therese har då dottera får 18 månader karantene. Som dei fleste andre nordmenn har heller ikkje sportskommentator Jens Welhaven i VG høyrt klippet tidlegare. Eit billig poeng å vitsa om, synest han, som elles har sterke meiningar om norsk sportsjournalistikk.
– Der er ein grunnleggjande kompetansemangel og eit kjempeproblem i norsk presse at interessa er for sport, ikkje for journalistikk. Saker som handlar om doping, fell utanfor interessefeltet til journalistane.
I Noreg vil me ikkje sjå på dei friske utøvarane våre som potensielle for doping. Vert dei tekne, vil me ha regelverket endra. Stoda er annleis i Danmark:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.