Skeptisk til den nasjonale peikefingeren
Venstre-leiar Guri Melby vil ikkje at staten skal blande seg opp i mobilreglane ved norske skular.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Onsdag morgon kom Utdanningsdirektoratet med ei tilråding om at norske elevar ikkje skal få bruke mobiltelefon i skuletida, anten dei går i barneskule, ungdomsskule eller vidaregåande. Tilrådinga var tinga av kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap). Same dag kom Guri Melby, leiar i Venstre og tidlegare kunnskapsminister, med skarp kritikk av mobiltilrådinga og kunnskapsministeren på Politisk kvarter.
– Du meiner det er feil med nasjonale reglar på dette feltet. Kvifor det?
–?Eg meiner dette er noko skulane fint kan handtere sjølv, utan nasjonale reglar. Fire av fem skular har alt ei form for regulering av mobilbruk. Om skulane avgjer dette lokalt, sikrar det at elevar, lærarar og andre blir involverte, og reglane kan tilpassast lokale forhold. Men eg har ingenting imot at somme skular har valt å innføre strenge reglar for mobilbruk.
–?Du har sagt at dette grepet er for lettvint frå kunnskapsministeren. Er det eigentleg så lettvint? Det har vore debatt om mobilforbod i skulen i ti år, og det har vore sterk motstand undervegs?
–?Eg synest det er lettvint i lys av at dette er noko dei fleste skulane alt har regulert sjølv. I tillegg har regjeringa sett ned eit eige utval som skal sjå på skjermbruken i skulen i heilskap, og som skal kome med ei tilråding i november, Om regjeringa hadde venta til da, ville det vore eit betre grunnlag for avgjerda. Som du seier, har det vore debatt om dette i mange år. Eg ser ingen grunn til at ein ikkje kunne venta nokre månader til.
–?Kan ikkje tilrådinga frå direktoratet gjere det lettare for rektorar og lærarar å handtere presset frå elevar som ikkje vil gje slepp på mobilane?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.