Skrifta på skjermen

Leseforskinga syner at både barn og vaksne lærer mindre av å lese på skjerm enn dei gjer av å lese på papir. Kva inneber det for digitaliseringa av den norske skulen?

Statsminister Erna Solberg, dåverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og barne- og familieminister Solveig Horne med elevane Max Kjus og Camilla Nagell Borgersen på Bekkestua barneskole, der regjeringa presenterte ny digital strategi for norsk skule i 2017.
Statsminister Erna Solberg, dåverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og barne- og familieminister Solveig Horne med elevane Max Kjus og Camilla Nagell Borgersen på Bekkestua barneskole, der regjeringa presenterte ny digital strategi for norsk skule i 2017.
Publisert Sist oppdatert

Norsk skule står midt oppe i ein digital revolusjon. Neste år kjem truleg to av tre norske grunnskuleelevar til å ha eige nettbrett eller eigen PC til skulebruk. Og som i andre revolusjonar går det hardt for seg, for debatten om digitaliseringa av skulen liknar ein skyttargravskrig: For kvar kritikar som seier at nettbrett svekkjer konsentrasjonen, er det ein teknologioptimist som seier at skjermane motiverer til læring.

Denne polariseringa har dels botna i kunnskapsmangel: Det har vore få store studiar av korleis datamaskiner kan påverke læringa. Datarevolusjonen i skulen har skjedd på eit spinkelt vitskapleg grunnlag, og dei fleste av oss har vore prisgjevne våre eigne fordomar når vi skulle gjere oss opp ei meining. I tillegg kan digitalteknologi brukast til så mykje ulikt at det er meiningslaust å diskutere digitaliseringa av skulen som noko einsarta.

Men dei siste åra har det faktisk kome meir solid kunnskap om skilnader i læringsutbyte frå skjerm versus papir – i det minste når det gjeld noko så grunnleggande som tekstforståing. Og konklusjonen frå leseforskinga er ganske klar: Om ein samanliknar resultata frå lesing av same type tekstar i ulike medium, gjev skjermlesing dårlegare forståing av innhaldet enn papirlesing gjer.

Ikkje kast bøkene

Den største studien som er gjort på dette temaet til no, har tittelen «Don’t throw away your printed books» og vart publisert av eit spansk-israelsk forskarteam i tidsskriftet Educational Research Review i fjor. Dette var ein såkalla metastudie, som trekte saman funna frå 54 ulike studiar frå 19 land med til saman 171.000 deltakarar, både barn og vaksne. Studien synte det same for alle gruppene: Når deltakarane las såkalla informasjonstekstar på skjerm, vart leseforståinga dårlegare enn når dei las tilsvarande tekstar på papir. Studiane inkluderte både PC-skjermar og nettbrett, men ikkje smarttelefonar.

Kor stor er så skilnaden i utbyte på å lese på skjerm og papir? Det er ikkje så lett å talfeste på eit forståeleg vis, seier Ladislao Salmerón, som er leseforskar ved universitetet i Valencia og medforfattar av «Don’t throw away your printed books».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement