Utdanning
Skuleleiaren som blei sakshandsamar
Rektorar får personleg ansvar for skulemiljøet, men har verken tid eller ressursar til å følge opp.
Rektor inn, rektor ut. Glommasvingen skule i Sør-Odal har hatt fire rektorar på fem år. Det er krevjande å få rektorar til å bli i stillinga, og det er vanskeleg å rekruttere nye.
Vegard Gran / Wikimedia Commons
Ein gong sommaren 1940 leita bestefar min fram ein sykkel i skuret på familiegarden, tråkla forbi branntomtene på Dombås der tyske soldatar hadde landa med fallskjerm nokre månadar tidlegare, og sette i veg nordover. Reisemålet var lærarskulen på Nesna.
Dette var også ei klassereise. Bondesonen, den yngste av elleve, skulle ende opp som rektor. Det var ein av dei fremste posisjonane ein kunne få i ei norsk bygd den gongen.
Slik er det ikkje lenger. «Sytten søkarar til stillinga som lærar, men berre éin vil bli rektor», melde Vest-Telemark Blad frå Tokke skule førre veke.
I fjor leita Glommasvingen skule i Sør-Odal etter ny rektor for fjerde gong på fem år.
Rektorflukta
Det er rektorkrise i den norske skulen: Nesten halvparten av dei norske skuleleiarane vurderer å slutte på grunn av dårleg økonomi. Enkelte stader er tala særleg dramatiske. I Kristiansand vurderer to av tre å slutte, melde Fædrelandsvennen onsdag 19. mars.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.