– Skummelt å tukle med konkurransen

Etter år med tilspissa debatt om daglegvarebransjen vart Daglegvaretilsynet etablert i fjor. Direktøren meiner Stortinget er i ferd med å regulere for mykje.

Tre store daglegvarekjeder dominerer marknaden i Noreg. Politikarane ser på tiltak som kan gjere det enklare for nye aktørar å etablere seg.
Tre store daglegvarekjeder dominerer marknaden i Noreg. Politikarane ser på tiltak som kan gjere det enklare for nye aktørar å etablere seg.

– Den politiske debatten vert fort litt for grunn, politikarane hoppar for fort til konklusjonar, og dei lyttar for lite til akademia, seier Tor Erik Engebretsen.

Han snakkar om den store daglegvaredebatten her i landet, som handlar om ein bransje dominert av tre store daglegvarekjeder: Norgesgruppen, Coop og Rema 1000.

Dei store kjedene har over fleire tiår teke kontroll over stadig større deler av verdikjeda. I dag står dei for storparten av daglegvaredistribusjonen og har også utvikla ei rekke eigne merkevarer. Den største av dei, Norgesgruppen, har ifølgje analysebyrået Nielsen IQ ein marknadsdel på om lag 44 prosent og omsette for 103,1 milliardar kroner i fjor.

Leverandørane er det langt fleire av, men også her finst store aktørar, som merkevareprodusenten Orkla og bondesamvirka Tine og Nortura.

Nytt tilsyn

Den 1. januar 2021 fekk vi for første gong eit daglegvaretilsyn her i landet, og Engebretsen vart direktøren som fekk jobben med å byggje det opp. I kraft av rolla si er han eit levande politisk tiltak, sett inn for å føre strengare kontroll med daglegvaresektoren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement