SlankekrigenFor første gong sidan 2005 når ikkje USA målet om å rekruttere 76.000 nye soldatar. Overvekt får skulda.

For første gong sidan 2005 når ikkje USA målet om å rekruttere 76.000 nye soldatar. Overvekt får skulda.

Krava til vekt og høgd i forsvaret er annleis i Noreg enn i USA. Biletet er frå Rena militærleir i 2017.
Krava til vekt og høgd i forsvaret er annleis i Noreg enn i USA. Biletet er frå Rena militærleir i 2017.
Publisert

– Vi kalla dei berre for kongens avrak. Kom du ikkje inn i militæret, kunne du ikkje nyttast til noko som helst, seier kjærasten til mor mi og ler.

Han snakkar om førstegongstenesta då han var ung.

– Alle måtte inn, seier han.

Tidlegare denne veka melde Pentagon at USA ikkje vil greie å få inn 76.000 nye soldatar, slik målet har vore dei siste 13 åra. Ein av tre amerikanske unge er nemleg for overvektig til å kome inn i militæret.

– Fedme utgjer ein trussel for den nasjonale tryggleiken i landet, skriv NRK.

For overvekt er ein av dei viktigaste grunnane til at 71 prosent av unge i USA ikkje er skikka til militærteneste.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement