Intervju
Slavoj Žižek: – Europa må bli ei ny supermakt
Donald Trump legg press på Ukraina og Europa. Den slovenske filosofen Slavoj Žižek vil unngå «standardsutringa frå dei venstreliberale» og tar til orde for ein prinsippfast pragmatisme.
Den slovenske filosofen Slavoj Žižek meiner Ukraina bør presse på for at Europa skal bryte med USA. Bildet er tatt på Ukraina-toppmøtet i London 2. mars 2025.
Han har hastverk. «Let’s do it quickly», seier Slavoj Žižek idet videobiletet kjem til syne på datamaskina. Deretter snakkar eg med den slovenske filosofen i 45 minutt, mellom anna om den samfunnsundergravande kjernen i kristendommen, som han vil skrive om i ei ny bok.
Under intervjuet ligg Žižek i senga. Vi snakkar med han gjennom videokameraet på laptopen som han har liggande på magen. Det gjer at videokameraet gyngar ved kvar einaste setning, nett som eit skip i høg sjø.
– Skriv eg inn namnet ditt i Google, foreslår søkemotoren at eg søker på «Slavoj Žižek hjerneslag». Det verkar som om mange er uroa for helsa di. Korleis går det med deg?
– Ignorer det der, er du snill. Frå tid til anna hender det at fiendar lastar opp gamle, pinlege ting om meg på nettet, som videoen der eg lagar mat med fordreidd andlet. Han vart til fordi eg hadde lova BBC det, sjølv om eg visste at det kom til å bli ein katastrofe. Eg oppdagar slikt heile tida. Regelmessig er det òg nokon som lastar opp eit bilete av meg der eg ligg i senga under eit Stalin-portrett. Det er så nedrig.
– Biletet er ekte?
– Det er 15 år gammalt. To tyske journalistar kom heim til meg, og eg var naiv. Eg var ikkje klar over at dei ville gi ei provoserande framstilling av meg i intervjuet. Dei spurde om eg hadde eit bilete av Stalin. Eg svarte ja, på spøk. Deretter foreslo begge journalistane at vi hengde det opp på veggen og tok bilete av meg. Eg var ein idiot den gongen. No høyrer eg gong på gong spørsmål som «korleis kan ein stole på ein som legg seg til å sove under eit slikt bilete?». Fotografiet blir gjerne spreitt no, ettersom eg skriv mykje om Ukraina og Midtausten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.