Slik struper Russland det frie ordet

Før frykta russiske journalistar å verte myrda. I dag kveler komplisert jus og politisk innblanding det som er igjen av kritisk presse.

Ei kvinne legg ned blomar ved eit portrettfotografi av den myrda journalisten Anna Politkovskaja. Regimekritikaren Politkovskaja vart drepen av ein ukjend gjerningsperson i 2006.
Ei kvinne legg ned blomar ved eit portrettfotografi av den myrda journalisten Anna Politkovskaja. Regimekritikaren Politkovskaja vart drepen av ein ukjend gjerningsperson i 2006.
Publisert

«Eg er ikkje sliten, men eg sluttar.»

Slik opna redaktøren av nettavisa B-Port avskjedsmeldinga si på Facebook i mars. Vjatsjeslav Gorodjetskij starta i 2005 ei nyheitsavis i Murmansk. Avisa har skrive om stort og smått av det som rører seg i den arktiske byen nokre timars køyring aust for Finnmark: trafikkulukker, lokalpolitikk, bustadprisar, fiskeri. Avisa har ti tilsette og rundt 20.000 lesarar kvar veke. Men no gjev Gorodjetskij opp. Situasjonen for nyheitsmedium som avisa hans har endra seg raskt i det siste, og ikkje til det betre, forklarer han. Det er særleg dei stadige telefonsamtalane frå folk «oppe i systemet» som har gjort det å nær umogleg å drive med normal journalistikk.

– Talet på samtalar «ovanifrå» er mangedobla, også førespurnader om å fjerne eller redigere innhaldet. Det å ha si eiga meining og uttrykke henne vart til slutt ein luksus, skriv Gorodjetskij.

I dårleg selskap

Russland er rangert på 149. plass på pressefridomsindeksen til ytringsfridomsorganisasjonen Reporterar utan grenser. Landet er i selskap med korrupte og vanskjøtta land som Honduras, Den demokratiske republikken Kongo, Venezuela og Pakistan. Mediefridomen vert definert som «vanskeleg» i Russland. Landet er berre åtte plassar over den svarte kategorien «svært alvorleg», der vi finn land som Somalia, Sudan og Tadsjikistan.

«Leiande uavhengige medium har vorte anten overtekne eller strupte. Etter kvart som TV-kanalane held fram med å oversvømme sjåarane med propaganda, har klimaet vorte veldig undertrykkande for dei som stiller spørsmål ved den nye patriotiske og nykonservative diskursen eller berre forsøkjer å oppretthalde kvalitetsjournalistikk», skriv organisasjonen i si oppsummering av Russland anno 2020.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement