Lita skrift
Slottsplassen
Kva gjer ein bygdegut frå Vest-Telemark når Støre legg ny regjeringskabal? Ryktet hadde nådd meg òg. At ein av dei åtte nykomarane er frå heimdistriktet mitt. Dette er sjeldan vare.
På quizspørsmål om vesttelar får du gjerne poeng ved å svare «Vinje», «Vesaas» eller «Vaa». Rikspolitikarar har me langt færre av. Førre gong ein vesttele sat i regjering, var i mellomkrigstida. Men i 2025 har det altså skjedd: Lene Vågslid frå Tokke er ny barne- og familieminister.
Eg bur like ved Slottsplassen og ville gjerne sjå ho. Korleis få til ein prat utan å vere blomeutdelar? Eg måtte vekkje oppsikt. I skuffen låg eit eksemplar av Vest-Telemark blad. Eg supplerte med å skrive ut kommunevåpenet til Tokke. Den svarte bjørnen på gul botn fylte nesten heile arket. Brått viste TV-sendinga at regjeringa kom gåande ut. Eg hasta av garde dei 1300 metrane frå gutekollektivet.
Kven var så den førre statsråden frå Vest-Telemark? På veg opp Karl Johans gate ringde eg lokalavisa for å høyre. Dei hadde skrive at dette var Ivar Tveiten (V) frå Fyresdal. Målmannen var kyrkjeminister i Mowinckel I-regjeringa 1924–26. Han kravde at alle som skreiv til staten, skulle få svar på si eiga målform. Men kva med tidenes mest kjende fyresdøl, Vidkun Quisling? Han var forsvarsminister for Bondepartiet tidleg i 1930-åra. Men Quisling flytta frå Vest-Telemark rundt sjuårsalderen, påpeikte redaktøren. Dessutan er han gravlagd i Skien. Ikkje skikkeleg vesttele, altså.
Vel framme på Slottsplassen kom eg ikkje fram i trengselen. Nokre politibetjentar var òg på plass. Eg kjende att han eine. Kunne han ta ein spansk ein for meg? Han er trass alt bror til kona til fetteren min! Det vart med halmstrået.
Men så oppstod ei glipe i folkemengda. Dimed kom eg heilt inntil rekkverket. Ministrane stod der enno, med Vågslid lengst til høgre. Eg ropte «Lene!» og vifta med avisa og Tokke-bjørnen. Ho oppdaga meg. «Heia Vest-Telemark! Første på hundre år!» Ho lo og vinka tilbake.
Lektor Tørrdal