Sideblikk
Solkongen av debattsjangeren
Når dramaturgien styrer innhaldet, blir det godt TV, men lite opplyst samfunnsdebatt.
Fredrik Solvang har leidd debattprogrammet Debatten på NRK sidan 2018.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Hadde det ikkje vore for akevitten, smalehovuda og tilslørte bondepiker til dessert, ville julebordet med Hjelpeskrivarane ha skore seg totalt. Byråsjefen og Vertinna rauk opp i eit knallhardt oppgjer om dyrtid, trygd og presset i økonomien og om Fredrik Solvang og Debatten.
Vertinna meiner det er heilt på sin plass at fattige som fell mellom og under alle stolar, slepp til med sannings ord til politikarar som sit med millionlønn på gratis hyblar. Og at dei krev og får klare svar på direkte fjernsyn.
BYRÅSJEFEN ER USAMD. Han meiner slike debattar er eit overgrep mot anstendige og hardtarbeidande politikarar som gjer sitt beste når det må strammast inn slik at det ikkje blir endå verre. Dei følgjer jo berre den handlingsregelen som har tent oss godt: lytta til råda frå Forvaltninga og Finansdepartementets bod om kva som er best for nasjonaløkonomien, arbeidslina, inflasjon, rente og straumprisar.
Ein politikar kan sjølvsagt ikkje svara på alle detaljar i eit trygdesystem som er så komplisert at verken departementet eller Vårherre har fullt oversyn. Ein politikar skal ikkje oppføra seg som sakshandsamar på Nav eller offiser i Frelsesarmeen som kan forfremma fattigfolk til sæla. Politikarar skal ta ansvar for dei lange linene, også når det er tøft på kort sikt.
ULIKE RØYNDOMAR blir ikkje avklarte av å bli blanda i ein saus av personlege lagnader og upersonlege ordningar. Derfor utstyrer Byråsjefen seg med pute når han sit i sofaen og ser Fredrik Solvang dra i gang slike debattar. Han minnest «sosialpornografi» som eit høveleg omgrep for reportasjar der truskuldige folk står fram og gjer seg til offer. Kvardagsdøma får ansikt når dei lengst nede ved velferdsbordet lar seg filma i matkøar, uttaler seg om stoda og fyller si rolle i dramaturgien.
Nokre blir tatt inn i studio som individuelle døme på allmenne problem og mangelfulle eller hjartelause ordningar. Dei skal seia at dei føler skam ved å stå fram med lagnaden sin, men dei gjer det på vegner av alle som er audmjuka av fattigdom. Det blir ekstra godt TV dersom dei feller ei tåre og programleiaren får klump i halsen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.