Krig

Sovjetnostalgi i «folkerepublikken» Luhansk

Frimerka til dei såkalla separatistrepublikkane tyder på at det ikkje finst talentfulle kunstnarar der, skriv Andrej Kurkov.

Eit Putin-portett mellom russiske flagg helsar dei hjelpetrengande i den ukrainske småbyen Toshkivka i Luhansk-regionen, som er under russisk okkupasjon.
Eit Putin-portett mellom russiske flagg helsar dei hjelpetrengande i den ukrainske småbyen Toshkivka i Luhansk-regionen, som er under russisk okkupasjon.
Publisert Sist oppdatert

Natta mellom måndag og tysdag utveksla Russland og Ukraina internettåtak. Ukrainske hackarar forstyrra det russiske skattestellet. Russiske hackarar stogga verksemda til ein av dei tre viktigaste mobiloperatørane i Ukraina, Kyivstar. Eit åtak av russiske hackarar på Monobank internettbank vart slått attende av bankens eigne spesialistar på nettforsvar.

Men aksjonen mot mobiloperatøren var svært alvorleg. Telekommunikasjonen til operatøren vart lamma over heile landet, og det same gjaldt betalingssystemet som Kyivistar-abonnentane nyttar for å betale frå nettbanken sin.

På grunn av hackaråtaket slutta mange minibankar og betalingsterminalar over heile landet å fungere. Mange millionar ukrainarar var utan kommunikasjon. I tillegg var mange regionar i Ukraina utan flyalarm, inkludert byen Boryspil i nærleiken av Kyiv. I staden køyrde politiet rundt og brukte høgtalarar til å åtvare om moglege flyåtak.

Dei russiske kyberåtaka kom etter eit anna uhell som Russland ikkje hadde noko med å gjere. På grunn av eit trykkfall i ein undergrunnstunnel har ei grein av Kyiv-metroen vore delvis kutta ut. Reparasjonane vil ta fleire månader. Store delar av sørsida i byen har praktisk tala vore utan samband med resten av metrosystemet, noko som gjer at det straks danna seg enorme trafikkorkar.

I Kyiv stilte Kyivstar-abonnentar seg i kø ved utsala til andre mobiloperatørar for å kjøpe startpakker. Lett som det var å spå, var alle pakkene til dei andre to store operatørane utselde tysdag. No har eit anna mobilselskap problem etter ei bølgje av nye brukarar.

Mange ekspertar freistar forstå kvifor Kyivstar synte seg å vere så sårbar. Andre prøver å finne eit samband mellom åtaket på selskapet og oppdaginga av SIM-kort frå Kyivstar i målsøkjarsystemet på russiske angrepsdronar som nyss vart skotne ned.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement