Tom Røseth, hovudlærar i etterretning ved Forsvarets høgskole, seier at vi mest truleg står overfor ein langvarig krig.
– Russland og Ukraina har motstridande mål, og begge ønskjer å vinne militært. Ukraina vil slite med å ta tilbake territorium, og då vil vi sjå meir statiske frontlinjer. Slik det ser ut no, vert dette ein langvarig utmattingskrig, seier han.
– Ukraina er lova langtrekkande våpen, som enno ikkje er tekne i bruk. Kan slike våpen snu krigen til Ukrainas fordel?
– Ja, dei vil gje ukrainarane høve til nøyaktig, frå avstand, å kunne slå ut russisk artilleri, forsyningar og framskotne kommandosenter. På den måten vil dei kunne bremse eller stoppe den russiske offensiven, dersom dei klarer å verne systema mot flyåtak. Dette vil utgjere ei monaleg kapasitetsendring på ukrainsk side, som vil kunne endre utfallet av krigen. Men det krev vedvarande våpen- og ammunisjonsleveransar.
Kan vi også sjå for oss at Ukraina kan gå frå å føre forsvarskrig til å føre åtakskrig for å vinne att tapte territorium? Det vil vere krevjande, men ikkje umogleg, ifølgje Røseth.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.