Kommentar

Spektakulær nedgang i norsk rasisme

Der har du ein tittel du aldri har sett før. Kvifor det, når påstanden nesten må vere sann?

Publisert

Eg voks opp på 1970-talet, i ein småby høgt mot nord. Foreldra mine hadde ein stor omgangskrins, og gjennom femten år som barn fekk eg høve til å studere observere, språket og vanane deira. Mange av dei gjekk rundt med til dels sterkt rasistiske haldningar, og ofte nølte dei ikkje med å gi uttrykk for dei.

Eg hugsar ein slektning sa til dømes at eg måtte vaske frukt godt, for ein møkkete «svarting» kunne ha pissa på dei på kaia i Afrika. Å kalle folk med framand kultur og skikkar for «villmenn», eller å gjere narr av utsjånaden og oppførselen til folk i land langt borte når dei var på TV, var akseptert. Nokre hadde vore til sjøs og gått i land i hamnebyar, berre for å få stadfesta fordommane om at folk i fattige, varme land var upålitelege, farlege og dumme. Andre kunne rett nok ha andre erfaringar.

Det var klassisk avstandsrasisme til intern bruk. Språket og dei nedsettande orda dei brukte, hadde dei kanskje fått overført frå sin foreldregenerasjon. Ingen av dei hadde nokon innvandrarar å praktisere rasisme på. Hadde det vore tilfellet, trur eg tonen ville blitt ein annan. For dette var ikkje ideologiske, overtydde rasistar, snarare folk som hadde eit fordomsfullt, sleivete språk om folk dei aldri hadde møtt.

Dei fleste av dei ville hatt høg terskel for å vere ufin andlet til andlet med nokon berre fordi dei såg annleis ut. Dei var trass alt gjestfrie og skikkelege folk, og rasismen deira ville aldri overlevd eit direkte møte.

Der er kjem frå, skil ei gruppe seg litt ut, kulturelt og i framtoning. Det er samane. Mange familiar hadde ein samisk identitet, trass i fornorskingsprosessane nokre generasjonar før. Eg opplevde ikkje at dei vaksne som gjerne snakka nedsetjande om andre, gjorde det om samane.

I dette miljøet gav det tvert om status å ha ein samisk ven, kanskje fordi dei fleste i gruppa foreldre vi snakkar om, kom mykje lenger sørfrå, og dei opplevde det som eksotisk. Dei fleste reiv med jakt og fiske, og det å kunne gjere det med ein same var spesielt kjekt. Legg merke til at eg her snakkar personleg, om eit konkret og litt spesielt miljø, og at eg ikkje freistar å nekte for at samar er blitt og blir utsette for rasisme i Finnmark.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement