Politikk
Spionen som berre skulle på julehandel
Frode Berg har fått mykje velfortent sympati, trass i at historia hans ikkje heng saman.
Lytt til artikkelen:
Kva ville du tenkt om ein du kjende, ein du godt visste var i den militære etterretningstenesta, bad deg gjere han ei teneste i Russland? Som å reise til St. Petersburg for å kjøpe ein datamaskin av ein bestemt type med kyrillisk tastatur? Jau, det må då vere ganske uskuldig, det kan umogleg vere ulovleg. Ein betalt tur. Kvifor ikkje?
Kva om han neste gong bad deg om å ta med tusenvis av euro, som du skulle leggje i ein konvolutt og poste i ei russisk postkasse? Ville du no blitt mistenksam, eller trudd norsk E-teneste ikkje fekk tak i frimerke? Kva om du i tillegg sit på russiske hotellrom med plasthanskar for ikkje å etterlate fingeravtrykk mens du gjer klar konvoluttane som skal postast? Ville det kanskje ringt ei bjølle?
Ikkje det, nei? Men om du måtte ta med minnekort fulle av bilete til Russland, og fleire personar frå norsk E-teneste gav deg detaljert opplæring om korleis du skulle sende koda meldingar, ut frå teksten på ei bestemt side i ei digital bok (Den store krigen), nett som i ein spionroman frå 70-åra? Og om E-tenesta betalte alle reiser og opphald på luksushotell, pluss løn. Og du fekk same oppdrag ut frå same mønster, igjen og igjen i fleire år, på reiser til Moskva og St. Petersburg, og der du mange gonger reiste frå Kirkenes til Oslo for å få meir opplæring av militær etterretning?
No må det vere på høg tid at det demrar for deg kva bransje du har hamna i?
Nesten alle, la oss seie 99 prosent, ville skjønt opplegget etter den første reisa. Her er eg i ferd med å bli rekruttert, eller rote meg inn i noko som kan gi meg store problem. Eventuelt: Eg får vere spion, og eg vil ha denne spenninga og kjensla av å vere viktig inn i livet mitt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.