Staten som religiøs kontrollør
Å ta frå Jehovs vitne statsstøtta kan vera første steg mot statleg regulering av religion, som fort kjem i motsetnad til religionsfridommen.
Mange vart glade då Statsforvaltaren i Oslo og Viken gjorde vedtak om å nekta Jehovas Vitne statleg støtte. Dette er eit trussamfunn som har brukt ein umenneskeleg eksklusjonspraksis som inneber at medlemmer som går ut eller blir støytte ut av samfunnet, ikkje får lov til å møta nære slektningar, barn og søsken inkludert.
Dette er inhumant, og det er i strid med det dei aller fleste kristne oppfattar som teologisk rett og forsvarleg. Det siste argumentet gjer nok ikkje inntrykk på leiarane i Jehovas vitne, som i utgangspunktet forkastar alle andre autoritetar enn sine eigne teologar.
Kva ein elles måtte meina om dette vedtaket, så har det ein positiv verknad ved at det kastar lys over denne praksisen, som i utgangspunktet ikkje toler dagens lys, og som trussamfunnet difor freistar å halda tilbake opplysningar om. Men nokre saker i rettsapparatet har gjeve tilstrekkeleg kunnskap til å slå fast at dette er ein uvanleg brutal og umenneskeleg praksis, i Guds – eller Jehovas – namn.
Kritikk
Likevel er det grunn til å tenkja gjennom dette vedtaket. Dei kritiske innvendingane må rettast mot lova som gjer dette mogeleg, ikkje mot statsforvaltaren som gjennomfører lova.
Og kritikken er denne: Det er alltid farleg å gje staten lovmessig dekning til å overprøva det religiøse samfunn held for sant og rett. Argumentasjonen i dette tilfellet blir knytt til den lova om trussamfunn som kom etter oppløysinga av statskyrkja. Denne lova skal i prinsippet vera religiøst blind, altså nøytral, og gje ein viss sum per medlem til alle trussamfunn, den gamle lutherske folkekyrkja, muslimske grupper, Jehovas vitne, Hillsong og kva det måtte vera. Krava blir stilte til medlemslister og administrativ orden, ikkje til religiøst innhald.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.