Staten struper lønsam attføring
Eit tilbod som har lukkast med å forebyggje ny kriminalitet frå straffedømde, får ikkje lova økonomisk støtte frå regjeringa.
Tafu-prosjektet er inspirert av eit liknande prosjekt i Sverige som har som måt å tilbakeføre straffedømde over 18 år til eit normalt liv utan kriminalitet og rus.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Politikk
Straffedømde som vil begynne eit nytt liv, har sidan 2010 hatt eit skreddarsydd tilbod i Rogaland gjennom eit samarbeid mellom kommunar, kriminalomsorg, Nav og utdanningsetaten. Tiltaket går under namnet «Tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning» (Tafu). Kunnskapsdepartementet, Justisdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet med underliggande direktorat stod bak då Tafu vart etablert.
Prosjektet og resultata er evaluerte av Arbeidsforskingsinstituttet som har konkludert med at dette er eit vellukka tiltak både samfunnsøkonomisk og med omsyn til resultat for deltakarane. Samfunnet vil tene økonomisk på å satse pengar på Tafu-prosjekt av di ein høg prosent av deltakarane blir resosialisert og kjem seg i arbeid. Den samfunnsøkonomiske vinsten er kalkulert til seks kroner per investert krone i eit 20-års perspektiv, ifylgje Arbeidsforskingsinstituttet.
«Helt avgjørende»
I 2014 var statssekretærane i dei tre departementa òg samde om at prosjektet vart vellukka og burde vidareførast på fast basis. «Et godt eksempel på et sømløst og effektivt samarbeid mellom offentlige etater. I Tafu settes brukernes/tidligere domfeltes behov i sentrum», skreiv til dømes statssekretær i Justisdepartementet, Vidar Brein-Karlsen (Frp), i brev til Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet i mars 2014. Og same år slår så regjeringa fast at Tafu-prosjektet i Rogaland skal vere fast.
Trass i dette har prosjektet måtta leve frå hand til munn år for år, og freistnadar på å etablere tilsvarande tilbod i andre delar av landet har falle i fisk. Til dømes har kommunane Oslo, Bergen og Trondheim alle takka nei til å engasjere seg i tilsvarande prosjekt. Grunngjevinga har vore usikre økonomiske rammevilkår. Så seint som i mai i fjor slo Arbeids- og sosialdepartementet fast at «manglende statlige bevilgninger» er ei av årsakene til at ein ikkje har fått oppretta Tafu-prosjekt andre stader i landet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.