Kommentar

Statskaos: vaudevillar, intrigar og skrukketroll

Franske veljarar græt, freser og ler i full forvirring.

Publisert

«Der er for mange skrukketroll i Elyséepalasset; dei krafsar i undergrunnen og gnafsar i veg.» Cloporte heiter det vesle krepsdyret på fransk. Vi støyter på det under steinar og blomepotter i hagen. Uroa krøllar dyret seg saman, vert mest usynleg, eller kravlar vekk i faderleg fart. Nemninga greip raskt om seg på folkemunne for «alle presidentens menn».

Ikkje kven som helst, men den totalt Macron-trugne Bruno Le Maire, finansminister sidan 2017, kom med utbrotet om den store mengda konsulentar og løynde rådgjevarar Emmanuel Macron omgjev seg med. Le Maire hevda såleis at det var les cloportes som kviskra Macron dårlege råd i øyra då han oppløyste nasjonalforsamlinga (Assemblée nationale).

Kaotisk rikspolitikk

Le Maire oppnådde berre å fôre karikaturteiknarar og folkeskjemtorda med nytt stoff. Der var nok å ta av frå før. Aldri tidlegare i den femte republikken (altså sidan 1958) har rikspolitikken sett så kaotisk ut, med paradoksal høgare intrigologi og hauk over hauk-spel overalt.

Nære rådgjevarar av Macron har ikkje ord harde nok om kva Macron stelte i stand. Som éin sa: «På to veker har han teke livet av to års politisk arbeid og påverknad.»

Norske medium melder om optimisme på den såkalla venstresida etter at ein del sosialdemokratar (frå Parti Socialiste) slo seg saman med ytrevenstrepartiet Ukuelege Frankrike (La France Insoumise, LFI), Dei grøne (Les Verts) og somme andre grupper.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement