Statsrådar utan ansvar?
Dei danske riksrettssakene minner oss om noko viktig: Med makt må det følgje ansvar.
Inger Støjberg då riksrettssaka mot henne vart innleidd 2. september 2021. Dommen som fall i desember, var på 60 dagars fengsel utan vilkår.
Foto: Mads Claus Rasmussen / Ritzau Scanpix / NTB
Førre veke vart den tidlegare danske utlendings- og integrasjonsministeren Inger Støjberg dømd til fengsel i 60 dagar.
Dommen var ein sensasjon, ikkje berre av di Støjberg var og er ein populær politikar i Danmark. Dommen var ein sensasjon av di han vart felt av riksretten, som er ein særdomstol samansett av høgsterettsdommarar og lekdommarar utnemnde av Folketinget for å kunne halde regjeringsmedlemmer ansvarlege for embetsførselen. Riksrettssaka mot Støjberg var berre den sjette sidan 1849.
Innstramming
Brotsverket som felte Støjberg, var at ho hadde gitt utlendingsforvaltninga ordre om å skilje alle asylsøkande ektefellar eller samlevande par der den eine var mindreårig mellom 15 og 17 år. Føremålet var å verne mindreårige asylsøkande jenter mot ekteskap eller samliv under tvang, noko det er brei semje om.
Til samanlikning vedtok Stortinget tidlegare i år å stramme inn ekteskapslova slik at Noreg som hovudregel ikkje godtek ekteskap inngått i utlandet der den eine ektefellen er mindreårig.
Fram til Støjberg skjerpa praksisen, hadde dei danske utlendingsstyresmaktene berre skilt asylsøkande par der det var konkret mistanke om tvang eller anna press. Frå no av skulle dei skiljast utan unnatak og individuell vurdering. Problemet var at Støjberg fekk klåre råd frå embetsverket om at ei unnataksfri ordning braut med retten til familieliv etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen og forvaltningsrettslege saksbehandlingskrav.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.