Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Kandidatar frå andre parti enn dei to store har ingen sjanse til å bli president i USA. Men iblant kan slike kandidatar likevel påverke utfallet. Så jamt som valet ligg an til å bli i år, fryktar demokratane at Jill Stein, kandidaten til Dei grøne i USA, kan ta så mange røyster frå Harris at Trump blir president. Slikt har skjedd før: Mange meiner at Ralph Nader, som stilte for Dei Grøne i 2000, tok så mange røyster frå Al Gore i Florida at George W. Bush vann valet.
Eit slikt resultat er ikkje verkeleg sannsynleg i år. Stein ligg ikkje an til å få særleg meir enn ein prosent av røystene på landsbasis. Men ho stiller til val i alle vippestatane, der svært små veljarrørsler kan endre utfallet. I valet i 2016 fekk Stein halvannan million røyster på landsbasis. I tre statar – Michigan, Wisconsin og Pennsylvania – var talet på Stein-røyster det året større enn sigersmarginen til Trump.
Brodd mot Harris
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.