Sterk lønsvekst for toppleiarar i staten
Under Solberg-regjeringa har toppleiarane i staten fått nesten dobbelt så høg lønsvekst som fotfolket på hovudtariffavtalen.
Statsminister Erna Solberg saman med konsernsjef Eldar Sætre i Equinor.
Foto: Terje Bendiksby, NTB scanpix
I to av dei tre siste åra har dei øvste leiarane fått meir enn dobbelt så høge prosentvise tillegg som fotfolket. I 2015 var tala 7,9 prosent mot 2,8 prosent, i 2016 var dei 4,8 prosent mot 2,8 prosent og i 2017 5,5 prosent mot 2,3 prosent.
I femårsperioden 2013–2017 fekk toppleiarane ein årleg lønsvekst på 5,12 prosent i snitt, medan tilsette på hovudtariffavtalen hadde ein lønsvekst på 2,8 prosent i årleg snitt. Dette omfattar tilsette i departementa og anna offentleg forvaltning og administrasjon, til dømes politi, helsevesen og utdanningsinstitusjonar.
Til samanlikning fekk leiarane i privat sektor ein gjennomsnittleg årleg lønsauke på 2,2 prosent i den same femårsperioden.
Dette står i sterk kontrast til det uttala målet om tilnærma lik prosentvis vekst i statlege løner uansett plassering i lønssystema.
Fekk krass kritikk
Regjeringa fekk krass kritikk frå opposisjonen på Stortinget då statsbudsjettet for 2019 vart lagt fram i oktober med tal for lønsutviklinga for leiarar i heil- eller deleigde statsverksemder. Også fleire representantar for regjeringspartia reagerte på feite lønstillegg for leiarane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.