Stigande rus

Bruken av kokain har auka, særleg blant unge og unge vaksne. Ifølgje rusforskaren Thomas Clausen kjem truleg både bruken og skadeverknadene av bruken til å auke framover.

Over 800 kg kokain vart funne i fruktkassar på eit Bama-lager i april i år, etter tips frå tyske tollarar. Det var det største kokainbeslaget som er gjort i Noreg.
Over 800 kg kokain vart funne i fruktkassar på eit Bama-lager i april i år, etter tips frå tyske tollarar. Det var det største kokainbeslaget som er gjort i Noreg.
Publisert Sist oppdatert

Dei kriminelle nettverka i Noreg veks, og ein av drivarane for veksten – navet i aktiviteten til nettverka – er kjøp og sal av narkotika, fortalde leiaren for seksjon for organisert kriminalitet i Kripos til Dag og Tid førre veke.

Generelt sett har narkotikabruken i Noreg vore nokså stabil over fleire år. I alle fall om vi ser vekk frå pandemiåra, då reiser og grensepasseringar var sterkt avgrensa og utelivet stengt ned og folk heldt seg mest med familien og dei næraste. Statistikkane i åra etter har derimot synt ei endring: Bruken av kokain aukar, særleg blant unge og unge vaksne.

Les også: «Kriminell vekst»

Om lag 7 prosent av befolkninga i Noreg mellom 16 og 64 år hadde i 2022 prøvd kokain minst éin gong, medan 2 prosent rapporterte at dei hadde brukt det i løpet av det siste året. Det går fram av Folkehelseinstituttets rapport om narkotikabruk frå tidlegare i år.

Blant unge mellom 16 og 30 år var det derimot heile 4,7 prosent som hadde brukt kokain siste året, noko som er ein rapportert auke på 1,3 prosentpoeng frå 2021 og 1,5 prosentpoeng meir enn i 2019.

Og frå produksjons-, distribusjons- og forbrukstrendane ute i verda å døme, er det lite som tilseier at auken kjem til å stoppe.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement