Energi
Stormaktspolitikk
Det vert ikkje reforhandlingar med EU, Tyskland og Storbritannia om straumeksporten.
Straumprisen har gått kraftig opp i år.
Foto: Knut Fjeldstad / NTB
Favorittserien min på norsk er Okkupert. Det var Jo Nesbø, som kan litt om pengar, som kom på ideen. Kva hadde skjedd om Noreg stogga all olje- og gasseksport til EU og stengde ned Nordsjøen? Svaret serien gjev, er at då støttar EU ein russisk okkupasjon av Noreg i byte mot at russarane garanterer for at norsk gassproduksjon og -eksport held fram.
Eg liker serien av di han viser kor viktig Noreg er som energiprodusent for EU og Storbritannia, og kor svake vi er maktpolitisk. I år eksporterer vi 2500 TWh olje og gass til Europa. Utan Noreg forsvinn både varmen og straumen i Europa. Straumeksporten bleiknar i samanlikning, i desember vert han på om lag 2 TWh.
Ikkje full kapasitet
Men i år har vi ikkje eksportert for fullt. Den nye kabelen til England får fyrst full kapasitet i februar, kabelen til Tyskland har berre gått vel halve året. I 2022 vil vi ha ein eksportkapasitet som er 24 TWh høgre enn i 2019.
Tyskland og Storbritannia er Noregs viktigaste allierte i Europa. Tyskland er garantisten for at Noreg får vera ein del av den indre marknaden. Storbritannia er Vest-Europas sterkaste militærmakt og ein garantist for Nato-solidariteten. Kvar kWh tel for dei.
Syn meg den utanriks-
ministeren som ville våga å leggja fram eit krav om redusert eksport gjennom dei nye kablane. Hadde eg vore i same posisjon, hadde eg enkelt og greitt nekta. Noreg kan ikkje provosera Tyskland og Storbritannia. Vi har inngått avtalar, avtalar som har gjort Storbritannia og Tyskland meir avhengige av Noreg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.