Stormvarsel i Helse-Noreg

Det er langt mellom gladmeldingane frå helsestellet for tida.

Publisert

Det blæs opp til mediestorm, og den eine redselshistoria etter den andre har kome frå helsehusa, dei institusjonane som skal ta imot pasientar etter utskriving frå sjukehus. Dei har for få folk, og ikkje alltid gode nok folk, og det er ingen grunn til å tvila på det tidlegare innlagde og deira pårørande fortel.

I same periode brukar den organisatoriske nyskapnaden Helseplattformen AS 3,5 milliardar for å innføra eit datasystem som i første omgang ikkje verkar, og som så langt har ført til minst 200 millionar i tapte inntekter for St. Olavs hospital i Trondheim. Aftenposten har rekna ut at denne tvangsinnføringa av ein datamodell vil kosta opp mot 900 millionar i tapte inntekter. Dette kjem på toppen av dei 3,8 milliardane. Alt skal betalast av same budsjett, og dermed blir det mindre att til institusjonane i same føretak, som merkar sparekniven alt no.

Tragediar

Ser vi litt tilbake i tid, har vi hatt ei rekkje farlege episodar med menneske som eigentleg skulle vore innlagde på psykiatriske institusjonar, men der er sengekapasiteten redusert med om lag 10.000 plassar på 10–15 år, og desse svært sjuke menneska blir overførte til kommunar som ikkje har medisinsk eller økonomisk kapasitet til å ta seg av dei. Resultatet har vore fryktelege tragediar.

Når slike akutte kriser oppstår, blir svara gjerne like akutte. Ein byråd blir innkalla, det blir funne nokre pengar på kistebotnen, statsråden kallar inn nokre aktørar til samtale. Mediedekninga har sin eigen rytme. Ei stygg sak utløyser ei rekkje liknande saker, men etter ei tid har det kome andre hendingar som tek plassen i mediebiletet, og så glir det over.

Somme av aktørane, så som direktøren i Helseplattformen, blir utolmodige, og leiger inn eit PR-byrå for å koma fortare fram til eit mediemessig nirvana der alt er stille og roleg og milliardane kan halda fram med å rulla gjennom hybridorganisasjonen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement