Stort spel om lite samfunn

Under bakken på Helleland i Dalane ligg mineral Europa treng meir av. Men om dei kan og skal hentast ut, er langt frå sikkert.

Norge Mining har drive prøveboring i Dalane i Rogaland sidan 2019 og meiner det kan vere over 70 milliardar tonn mineralisert stein i grunnen.
Norge Mining har drive prøveboring i Dalane i Rogaland sidan 2019 og meiner det kan vere over 70 milliardar tonn mineralisert stein i grunnen.

Kvart tredje år legg EU-kommisjonen fram ei liste over såkalla kritiske råstoff. Det vil seie mineral og metall som er avgjerande for europeisk industri og økonomi, og som det i tillegg er knytt risiko til forsyninga av. Mange av råstoffa spelar ei avgjerande rolle i omstillinga frå eit fossilt til eit fornybart energisystem og er såleis noko Europa kjem til å trenge meir av framover.

Rundt ein tredjedel av dei 34 stoffa på lista i år kjøper europeiske land i dag hovudsakleg frå Kina. Somme andre råstoff er det land som Tyrkia, Qatar, Marokko og Kasakhstan som er hovudleverandør av.

Fleire av dei kritiske minerala og metalla finst det uutnytta førekomstar av i Noreg, ifølgje Norges geologiske undersøking, NGU. I ein rapport frå den statlege etaten i 2012 gjekk det fram at Dalane-regionen i Rogaland kunne ha førekomstar av ilmenitt, magnetitt og apatitt verde fleire hundre milliardar kroner.

Av ilmenitt kan ein framstille titan, som kan brukast i stållegeringar og trengst i mellom anna industri, romfart, luftfart og medisin. Magnetitt inneheld vanadium, eit mjukt metall som vert brukt i så vel kirurgiske instrument som i batteri, og apatitt er eit fosfatmineral som er viktig for framstilling av kunstgjødsel til matproduksjon, og som også vert brukt i batteri. Både fosfat, titan og vanadium er råstoff EU i dag reknar som kritiske.

I 2019 starta det britiskeigde selskapet Norge Mining nærare undersøkingar i Dalane, og alt året etter vart det meldt at det kunne vere over 70 milliardar tonn mineralisert stein i grunnen. «En av de mest lovende mineralforekomstene i verden», kalla Stavanger Aftenblad det.

Sidan er det prøvebora langt meir og over eit større område, og prosjektet til Norge Mining har fått meir og meir merksemd internasjonalt. Tidlegare i sommar tok det heilt av.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement