Lita skrift

Stortinget

Publisert Sist oppdatert

Av alle stadar i verda var eg for ikkje så lenge sidan på innsida av Stortinget i Oslo.

Det fyrste forbodet ein får som gjest på Stortinget, etter at ein har tømt lommene for knivar og er slusa inn på flyplassvis, gjeld fotografering. Det er berre lov å fotografera politikarar når dei er i Vandrehallen, dette store, opne rommet i fyrste etasje der politikarar ofte gjev intervju. Elles er dei på jobb og skal ikkje fotograferast. Utanom politikarar på jobb, kan ein fotografera nett kva ein vil.

Ein ting som overraska meg, var kor mange politikarar som faktisk var på jobb. Alle desse statsrådane som det siste året er avsette eller gråtkvelte har trekt seg frå alle verv, dei går framleis rundt på Stortinget i dressjakke og smiler, sit i kantina og ler som om ingenting har skjedd. Men det har eg altså ikkje bilete av.

Det andre forbodet ein får, er inne i sjølve Stortingssalen, eller «demokratiets krybbe» som guiden kalla det. For der inne er det ikkje lov for gjestar å gå på det raude teppegolvet nedst i salen, me skal berre gå bak og mellom alle stolane. Så alle bileta me tok av oss sjølve og kvarandre når me valsa rundt på det forbodne golvet, vart me bedne om ikkje å dela på sosiale medium.

– Trur du nokon merkar om eg stel ein slik, spurde eg ein stortingsrepresentant då me fekk kaffi servert i koppar med riksløva på.

– Det kan henda du får kjøpt ein i gåvebutikken, sa han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement