Politikk
Stortingspolitikarar bryt opplysningsplikta
To sitjande stortingsrepresentantar og 32 vararepresentantar bryt pålegget om å gje opplysningar til stortingsregisteret over eigne økonomiske interesser.
Øystein Mathisen (Ap) har ikkje gjeve opplysningar om eigne økonomiske interesser til stortingsregisteret.
Foto: Stortinget
Stortingsregisteret, som også omfattar regjeringsmedlemene, var ein nøkkel til å oppdage Ola Borten Moes kontroversielle aksjekjøp. I motsetnad til to tidlegare statsrådar som nekta å gje opplysningar til registeret, gav Borten Moe utfyllande opplysningar om eigne økonomiske interesser. Det viser kor viktig registeret er om regelverket blir fylgt opp. Men her skortar det mykje. Det er ingen sanksjonar mot dei som bryt rapporteringspliktene.
Registeret
Registeret vart innført etter vedtak i Stortinget i 1990. Meininga var å avdekkje eventuelle uheldige bindingar eller økonomiske interesser representantane kunne ha. Frå starten i 1991 var det friviljug for representantane å gje opplysningar til registeret. Det resulterte i at mange representantar unnlét å gje opplysningar. Fleire representantar, særleg frå Frp, uttrykte direkte motstand mot registreringa. Ein av desse var Frp-representanten Hans Røsjorde frå Hordaland. Han var då visepresident på Stortinget og vart seinare fylkesmann i Oslo og Akershus. Partiformann Carl I. Hagen, derimot, leverte opplysningar frå første stund.
Sjølv om registreringa var friviljug, var det ein føresetnad at dersom ein først lét seg registrere og gav opplysningar, skulle opplysningane vere korrekte og fullstendige. Her vart det opp gjennom åra avslørt at mange synda ved å gje ufullstendige opplysningar.
Jagland synda
Ein av syndarane var Thorbjørn Jagland. Han vart innvald på Stortinget i 1993. Året før var han vald til partileiar i Ap. Til stortingsregisteret opplyste han at han hadde «ingen registreringspliktige interesser». Han unnlét å opplyse om at han hadde ekstraløn og fri bil som partileiar. Det gjorde derimot forgjengaren hans som partileiar og statsminister, Gro Harlem Brundtland. Det gjorde også nestleiarane til Jagland, Hill-Marta Solberg og Jens Stoltenberg. Dei opplyste begge at dei hadde fri bil og lønstillegg frå partiet. Den mangelfulle rapporteringa frå Jagland var til stigande frustrasjon mellom nære medarbeidarar. Etter at Jagland vart statsminister 25. oktober 1996, kom registreringa i orden. Men etter at han gjekk av som statsminister i oktober 1997, var han tilbake i gamle spor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.