Lita skrift

Støtteapparat

Publisert Sist oppdatert

I helga følgde eg opp to tilreisande nieser på skiskyttarstemne. Stort sett meistrar eg slike oppgåver godt, synest eg sjølv, dei får god mat og godt stell. Men på idrettsarenaen er eg ikkje heilt på høgd.

Løypa er ikkje lang, men ho er hard. Eg plasserer meg i ein seig oppoverbakke der eg reknar med at dei treng støtte. Jobben min er å fotografere dei i kule positurar og å heie dei fram.

Det er eit par, tre hundre deltakarar på stemnet. Mange foreldre, trenarar og venninner må ha tenkt same tanke som eg, for dei står i same bakken, og eg noterer meg – med eit ørlite løft i sjølvtilliten – eitt poeng for god taktisk vurdering.

Ei veksande gruppe står der og ventar. Så dukkar den fyrste deltakaren opp nedst bakken, og tre av tilskodarane bryt ut i eit lurveleven: «Kom an! Løft blikket! Du ligg på tredje, tolv sekund bak andre!» Og jenta får nye krefter og fyk opp bakken.

Så er neste jente på veg oppover, og ei ny minigruppe skrik: «Kom igjen! Du har fem sekund opp til ein pallplass!»

Endå ein skiskyttar, ny hurlumlei av eggjande tilrop.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement