Kommentar
Stråmannen og skjermen
Tida då ein kunne bruke middelklasseforeldra si frykt for å ikkje vere på lag med framtida til å drive fram digitalisering i skulen, ser ut til å vere over.
Der meir enn tre middelklasseforeldre er samla på éin stad, kan du vere heilt sikker på at det snart oppstår ein diskusjon om vår digitale kvardag.
Det kan starte med utveksling av anekdotar. Veit du kva dei gjer på skulen til barna mine? Har du høyrt at… Og så får ein historia om poden som skulle gjere digital mattelekse, men som viste seg å sitte på YouTube. Om barna som speler i timen, og om læraren som tilsynelatande ikkje legg merke til det.
Om seksåringar som får utdelt nettbrett, som skuleverket insisterer på å omtale som læringsbrett. Eigentleg er det iPadar, der det ikkje er mogleg å installere filter for upassande innhald. Det er mange som sit med kjensla av at noko ikkje er som det burde vere i skulen.
Møtte ministeren
Facebook-gruppa «Opprop for mindre skjermbruk i barneskolen» har i skrivande stund 18.000 medlemer. Denne veka møtte initiativtakaren til gruppa, Siri Sjøgren Selmer, og skodespelaren Ane Dahl Torp, som i lang tid har vore engasjert i barn og skjermbruk, utdanningsminister Tonje Brenna. I førre veke demonstrerte gruppa framfor Stortinget. Dei fekk også plass i Debatten på NRK.
Spørsmålet er viktig. Og det er lett å spore av og gjere spørsmålet om skjermbruk i skulen til ein stråmannsdiskusjon. Nokre lærarar er lei av å bli gjorde til skyteskive for alt som ikkje fungerer blant barn og unge i dette landet. Dei svarar gjerne at vi brukar pedagogiske verktøy, ikkje TikTok.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.