Striden står om dommarar på deling
Domstoladministrasjonen vil ha ambulerande tingrettsdommarar som arbeider ved fleire domstolar. Dommerforeningen protesterer skarpt, og meiner slike stillingar kan vere ulovlege.
Dommerforeningen på synfaring til tre domstolar med sams leiing i Helgeland i mai 2018. Verten, den ambulerande sorenskrivaren Rolf Selfors, til venstre i midtrekkja.
Foto: Dommerforeningen
Stortinget har ikkje drøfta nyordninga. Dommerforeningen og domstolleiarane for fleire tingrettar meiner Domstoladministrasjonen med dette freistar «å omgå grunnlovs- og lovbestemte skranker for dommernes stillingsvern og vern mot forflytning».
– Dette er heilt ukjent for meg og fullstendig uakseptabelt, seier Jenny Klinge (Sp), første nestleiar i Justiskomiteen på Stortinget.
– Det er heilt klart at vi i Senterpartiet vil ta opp denne saka når vi kjem saman på Stortinget etter sommarferien, legg ho til.
Felles sorenskrivar
Sidan 2015 har fleire tingrettar i same geografiske område fått éin felles sorenskrivar som sjef. Det har skjedd etter kvart som sorenskrivarstillingar har blitt ledige. Til dømes er sorenskrivaren i Rana også domstolleiar for Alstahaug tingrett og Brønnøy tingrett. Sorenskrivaren er stasjonert i Mo i Rana. Med store avstandar betyr det at sorenskrivaren berre av og til er på «visitas» ved dei to andre tingrettane.
Domstoladministrasjonen og regjeringa har ynskt mest mogeleg fleksibilitet med tanke på framtidig domstolstruktur, nedlegging eller samanslåing av domstolar, som er politisk svært kontroversielt. Difor har ein hekta på «ordningar» som «konstituert» og «flytteplikt» ved tilsettingar som i beste fall er juridisk omstridde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.